Og det er lokale entreprenørar som gjer jobben, når ein av Midtdalens aller største arbeidsplassar får ei skikkeleg ansiktslyfting.

– Nå lagar vi ein tipp, topp, moderne arbeidsplass. Det er ei stor verdiskaping for distriktet. Det befestar GE sin posisjon lokalt og viser at vi invisterer for framtida, seier administrerande direktør i Gudbrandsdal Energi, Bjarne Slapgard, til Dølen.

Det er Vinstra-firmaet O.M. Bakken Bygg som har hovudentreprisen på oppussinga, med lokale underentreprenørar – der det er mogleg å finne kompetansen lokalt, fortel Slapgard.

– Totalt kostar det om lag 10 millionar kroner å ruste opp bygget, forklarar Per Oluf Solbraa i GE.

Nødvendig oppgradering

Og ei oppgradering var høgst nødvendig, seier Solbraa og Slapgard.

– Bygget er frå 1974, og eit bygg som har stått så lenge krev etter kvart oppgraderingar, både bygningsmessig, men også i forhold til tryggleik, seier Slapgard.

Spesielle krav

For kraftbransjens kontorlokalar er ikkje som andres kontorlokalar.

– Vi må tilfredsstille krava i den bransjen vi er i, mellom anna gjeld det beredskap. Så det er ikkje eit vanleg kontorbygg, seier Slapgard.

Han seier det blir innført nye rutinar med adgangskontroll og reglement i forhold til legitimering av besøkande.

– Det er krav til energiaktørar på desse områda som vi måtte få gjennomført. Da gjorde vi samtidig bygningsmessige justeringar, seier direktøren.

Skal vera ryddig

Bygget har fått ny fasade, i tillegg til oppgradering av ljos og inneklima, med tanke på arbeidsmiljø og trivsel.

– De ligg godt synleg midt i Vinstra sentrum. Er det noko de tenkjer på når de nå «pussar» opp?

– Ja, vi er opptatt av det, og vi er opptatt av at det skal sjå pent ut i sentrum og rundt oss. Samtidig har vi eit høgt aktivitetsnivå på anleggsbiten vår, og lever i krysningspunktet mellom det og at det skal sjå nokonlunde ryddig ut, seier Slapgard og Solbraa.

Den siste tida har GE-staben helde hus i brakkar. I følgje GE skal heile staben vera på plass att i nyoppussa lokalar i midten av november.

Gjer som 7000 andre – følg Dølen på Facebook!

Bjarne Slapgard og Per Oluf Solbraa kan snart flytte inn i nyoppussa lokalar. Foto: Bjørn Sletten (arkiv)