I eit brev til fylkesordførar Gro Lundby oppmodar leiar i Nord-Fron AP, Rune Støstad, fylkeskommunen til å bla opp for at Vinstra motorsportarena skal bli ein realitet.

- I følgje utbyggingsplanane vil anlegget koste om lag 60 millionar kroner, og kommunar i regionen og Oppland Fylkeskommune blir bede om å bidra med 19 millionar kroner. I fyrste omgang er det behov for støtte til å få ferdig dei to fyrste fasane av utbygginga, skriv Støstad i brevet.

Nasjonal arena

Anlegget skal bestå av 1,4 km asfaltbane, om lag fem km grusbanar, klubbhus, depot, vegar og tribuneanlegg. Motorsportsenteret skal dekke 15 greiner innafor motorsport.

- Dette er ei svært spennande utbygging, skriv Støstad.

- Det er eit voksande motorsportmiljø i regionen, og eit slik anlegg vil ha stor tyding for rekrutteringa til sporten. Men utbygginga av Pallane vil ha stor tyding langt utover det sportslege. Dei planane som ligg føre vil gi ein motorsportsarena som vil trekkje til seg store nasjonale mesterskap, meiner Støstad.

Store ringverknader

Støstad og hans meiningsfeller meiner eit sikt anlegg også vil ha store ringverknader for næringslivet i regonen elles.

- På bakgrunn av dette håper vi at Oppland Fylkeskommune stiller seg positiv til å bidra på dette spleiselaget. Ein motorsportsarena som dette vil vera svært positivt for både regionen og for Oppland, avsluttar Støstad.

Saka om finansiering av Pallane skal opp i dei respektive kommunane sine formannskap og kommunestyre denne månaden.

MX-banen sett fra luften. Foto: Andreas Varpestuen