Jansrud seier til Dølen denne veka at han er optimist med tanke på sesongen som kjem.

- Vi har hatt dei siste dagane før sesongstart på Juvassbreen med fine forhald og eg kjenner meg veldig klar for å starte sesongen, sa Jansrud, før han reiste til Austerrike onsdag.

Han fortel at oppkjøringa til sesongen har vore optimal, mellom anna med opphald i Chile.

Jansrud hadde i fjorårssesongen ein del problem med ryggen, men melder at kroppen også fungerer betre og at hovudet er klart for sesongstart.

- Sölden er ikkje det viktigaste rennet for meg, men er ei moglegheit til å ta viktige verdscup-poeng, seier Jansrud.

Rennet er vist på Nrk1 sundag formiddag. Jansrud kjørte inn som nummer nitten etter sin 1. omgang. 12.50 startar 2. omgang.

Les heile saken i Dølen frå torsdag.