Med seg i bagasjen frå Korea hadde sørfrøningen ei enormt stor idrettsoppleving, som betyr ny guts til å satse for fullt med kjelkehockeylandslaget.

– Det var heilt vanvittig, den følelsen av å sitte i garderoben, berre vi som skulle på isen, gire kvarandre opp – og så vann vi jo også den kampen, fortel Torstein, om den største opplevinga i Paralympics.

Torstein hadde ikkje rekna med å få tid på isen, men sørfrøningen fekk vere med å bidra til siger. Foto: Privat

Kampen mot Tsjekkia vann dei 5-2, og Torstein fekk den godfølelsen som han har jakta sidan han vart skada.

– Eg visste jo ingenting om å vera funksjonshemma da eg vart skada, og var redd for å aldri få kjenne det slik igjen. Men den fekk eg så absolutt i Pyeongchang, verkeleg, seier han.

Heile den norkse troppen på åpningsseremonien. Torstein i andre rekke til venstre. Foto: Privat

Trener med eigen klubb

Nå skal han satse for fullt, det vil seie, så fullt som det går an når ein også har ein jobb å ta vare på.

– Dei fleste på landslaget bur og trenar i Oslo, men eg vil bu på Lillehammer. Hockey er viktig, men det er ikkje alt, seier han.

Derfor blir klubben han sjølv har starta, Mjøsa Pikes, viktig framover. Kjelkehockeyklubben, med medlemmar frå Vinstra til Hamar, er ein av åtte av sitt slag i landet, og blir treningsbasen.

For Torstein betyr det mykje å spele med flagget på brystet. Foto: Privat

Får oppfølging

Aanekre starta klubben med søskenbarnet Kristin Sønsteli og tvillingbror Petter, som også sette seg i rullestolen og starta med rullestolbasket da Torstein vart skada.

– Dei vart med fordi dei syns det var artig og fordi dei veit eg set pris på det, og det er stort, seier han.

I tillegg til klubbtrening får han oppfølging av ein landslagstrenar, må føre treningsdagbok og dra på samling ein gong i månaden.

– Eg har kjempegod kontakt med resten av landslaget, det er eit veldig bra miljø, vi har det kult saman og det er konkurranseinstinkt på alt, seier han.

Vanvittig: Torstein Aanekre fekk ei oppleving for livet i Pyeongchang. Foto: Privat

Fekk «ja» frå sjefen

Sjefen, Geir Arne Hageland i Funkibator, har sagt «go». Det gjorde han også da Torstein fekk klarsignal frå landslaget om at han kunne vera aktuell til Paralympics.

– Eg var førebudd på å ikkje spela i det heile, men ha oppgåver rundt, som å vera med å analysere kampar, sørge for god stemning og berre vera klar.

– Da eg da fekk speletid var det heilt vanvettig kult, seier han.

Torstein med dottera Victoria på fanget. Foto: Privat