Ei simle i Nordfjella i Sogn og Fjordane døydde av Chronic Wasting Disease, ein sjukdom i same gruppe som skrapesjuke hjå sau og kugalskap hjå storfe.

Ikkje sannsynleg i Rondane

- I utgangspunktet vil ikkje dette eine funnet få store konsekvensar, men vi intensiverer arbeid med å sende inn prøver til veterinærinstituttet. Ved jakta i haust vil vi få høve til meir omfattande prøvetakingar, seier seniorrådgjever ved viltseksjonen til Miljødirektoratet, Terje Bø.

Han understrekar at dette kan vera eit enkeltståande tilfelle, eller at sjukdommen har funnest i villreinpopulasjonen. At sjukdommen kan vera årsak til at det er lågare dyretal i villreinstamma i Rondane, meiner han er lite sannsynleg. Regionavisa GD skreiv om dei låge bestandstala i Rondane sør onsdag.

- Om det skulle vore tilfellet, ville det ha vore funn av døde dyr. Såvidt eg veit, er det i Rondane færre dyr enn forventa ved telling, utan at ein veit årsaka, seier Bø.

Liten kunnskap

Tilfellet var oppdaga 16. mars, under telling og merking av villrein i Sogn og Fjordane.

- Det er eit interessant funn. Vi veit at sjukdommen har vorte funne fleire gonger på hjortedyr i USA og Canada, men det er nå fyrste gong vi finn den i Norge og Europa. Vi har difor begrensa kunnskap om denne sykdommen, seier Karen Johanne Baalsrud, seksjonssjef i Mattilsynet.

I følge Mattilsynet sine nettsider er det ikkje kjent at det har smitta til menneske eller andre dyr enn hjortedyr.

Det er liten kunnskap om denne sykdommen på verdsbasis. Men med det Mattilsynet veit til nå, vurderer dei ikkje dette som ein alvorleg situasjon.