For han vegrar for å kalle seg forfattar.

– Nei, det er på ingen måte verdslitteratur. Eg ser på det som folkeopplysning. Bedrøvelege saker, men det må dokumenterast, seier historikaren frå Kvam.

Supplering

Oppdraget kom opphaveleg frå Krigsinnesamlinga; det var ønskje om eit minne over dei sivile som døydde i andre verdskrigen. Ei god oversikt var umogleg å finne.

– Dei har på ein måte vore gløymt. Det er ikkje noko felles minnesmerke over desse, og meininga var å få opp eit tilsvarande minnesmerke i fredsparken, for å supplere det over dei militære falne.

– Det har rett og slett vore eit djupdykk ned i skjebne og død, seier Teigen.

Nokre av dei sivile var uheldige og var berre på feil stad til feil tid, andre oppsøkte kanskje fare. Og mange er gløymt, kanskje hadde dei ikkje familie. Bilete fans kanskje ikkje.

Det var til dømes tilfellet med ei lita jente frå Gausdal som omkom.

– Det fann eg i eit skjema foreldra hadde levert inn til bokverket «Våre falne». Der er det spørsmål om fotografi, men det hadde dei ikkje, seier han.

Foreldra tykte likevel det skulle vore ei skildring av jenta si, og kunne gjerne bidra med det, går det fram av skjemaet.

Å finne opplysningar om dei i underkant hundre personane som omkom som følge av krigshandlingane har kravd fleire besøk til Riksarkivet, til Statsarkivet på Hamar og til arkivet på Maihaugen.

Ueinsarta gruppe

– Det er ei svært ueinsarta forsamling av folk. Det er meininga at utgjevinga skal fungere som eit oppslagsverk, seier han.

Utgjevar er Gudbrandsdal krigsminnesamling.

– Vi planlegg å få boka ferdig til 7. mai, seier Teigen.

Han har teke for seg alle kommunane, frå Lesja og Skjåk til Lillehammer.

– Kommuneinndelinga var jo annleis den gongen, mellom anna var Fåberg, Heidal og Østre og Vestre Gausdal eigne kommunar. Heidal var forresten einaste kommunen utan sivilie falne under krigen, seier han.

Nye opplysningar

I Midtdalen er det også ein del skjebner å berette om. Som den jødiske Karpol-familien frå Sør-Fron.

– Her fann eg ut at Samuel Karpol kanskje var nær ved å berge livet. Eg fann eit nådebrev til innanriksministeren, der ein nazist bad om benåding for han, fortel Teigen.

I brevet skriv nazisten at Karpol «oppfører seg ikke som en jøde» og at han «ikke er jøde i ånd, og at det vel er jødens ånd som skal utryddes».

– I margen på brevet var det skrive med blyant: «Undersøk graden av jøde i ham. Vil han la seg sterilisere», fortel Teigen.

Nattarbeid

Arild Teigen har brukt fritida si på prosjektet. Han har hatt måndagar fri, og det meste av tida har gått med til å finne stoffet, ikkje minst leitinga etter fotografi.

– Og det har vorte mykje kveldsarbeid. På mange måtar, ein sluttar aldri å forundre seg over kor ondskapsfulle menneskje kan vera, seier han.

Skjebnesvanger kaffe

Det blir mange triste historier mellom permane. Ein kar frå Dovre stal kaffe.

Han vart arrestert og frakta til Tyskland. Der overlever han heile krigen, men vart sjuk, og døyr på veg heim. Datoen er 18. mai.

– Ein får så absolutt perspektiv på ting, seier Teigen.

Saken har tidlegare stått på trykk i Dølen, 16. mars.

Brevbøn: – Samuel Karpol må gå fri, han er ikkje jøde i ånd, skreiv ein nazist i nådebrev. Foto: Guro Vollen