Laurdag var det klart for kåringssjå i Fåvang sentrum - der dei heldige værlamma fekk lilla klype og ei framtid som avlsdyr.

Indeksregulert sau

Og som seg hør og bør under ein fårikålfestival - resten av dei skal til Rudshøgda og kjem seinare til ein tallik nær deg; gjerne saman med kål.

- Det er veldig godt med fårikål! Øyvind Myhrsveen er klar for pause i værlamkåringa, og røpar på veg inn til fårikåltallerken på Fåvangkroa, kva som er trikset med tradisjonsretten.

- Absolutt beste kjøtet i fårikål, etter mi meining, er frå eittårige søye, seier han. Og Myhrsveen burde veta kva han snakkar om, som leiar i Fåvang Sau og Geit. Han stilte med lam til sjået, og det same gjorde ei rekke andre sauebrukarar. Pål Kjorstad frå Sør-Fron og Trond Ola Heggen frå Gran stilte som dommarar, medan Toril Hårdnes frå Alvdal var sekretær.

- Dyra må følge indeksen, det vil seie at dei følger kriteria som er sett opp etter indeksen, fortel Pål Kjorstad. Det er i alt seks indeksar for ulike eigenskapar hjå sauen, mellom anna på kjøtfylde, ullklasse, morsevne og slaktevekt.

Konsert og marknad

Innslaget av sau på bakgardskonserten til Tina Lie på Huset Granmo avgrensa seg til sitteunderlag og ulltøy hjå publikum, da Lie dro i gang med festivalens fyrste arrangement fredagskvelden.

- Det er tredje gong i år at vi held konsert på fredagskvelden før festivalen, og det har vore bra kvart år, fortel Brede Vestby. Saman med kona Tina, og Ronny Ødegård på piano, samla publikum i bakgarden til det koselege huset i Fåvang sentrum. Ved sidan av kan du sjå smakebitar frå konserten på video.

Laurdag var hagen rydda for å gje plass til marknadsfolk frå rundt omkring. Og her nyttar det ikkje å koma med juks og fanteri - tidsriktige kostymer skal til på alle utstillarar, husets alder set standarden her i garden, og vertinna sjølv stiller med huguturkle, omslagssjal og ein raus latter.

På marknaden får du alt frå ferske gulrøtter til handspunne garn, havregull, klokkesalg frå innapålomma og lokale plommer. Eigen lensmann har dei også ...