Å samle over femti positivt engasjerte folk, til eit møte ein sein fredagskveld, er ikkje alle foreiningar forunt.

Det greidde NMK Midt-Gudbrandsdal og Vinstra motorsportarena, og i følge styremedlem Lars Nyhus var det stor interesse for den vidare utbygginga på arenaen. Saman med styremedlem Trond Skurdal leia han møtet fredag.

- Særleg dragrace og drifting er det stor interesse for, og her har Midtdalen også mange gode utøvarar og eit bra miljø, seier Nyhus.

Bruk utover idretten?

Leiar Kåre Solbakken i NMK Midt-Gudbrandsdal seier til Dølen tidlegare i veka at dei håpar at motorshowet på Frya tidlegare i haust kan vera på plass som arrangement på Pallane om eit par år. Det krev mellom anna at ei rettstrekke blir bygd ut - tema på møte var mellom anna kor lang ein kunne greie å få den i fyrste omgang, og i tillegg andre bruksområde enn til idrett.

- Det var trekt fram at ei slik bane kan vera til allmennyttig bruk, til dømes før øvingar for politi, brannvesen  - og kanskje også trafikkskular, seier Nyhus.

Ordførar Rune Støstad var også til stades på møtet på Vinstra fredag. Han skriv på si facebookside fredag at han gler seg til fortsettinga.

- Imponerende frammøte og stort engasjement på informasjonsmøte om Pallane i kveld. Med dette engasjementet så kjem vi til å få landets mest komplette motorsportsanlegg, skriv han.

To utfordringar

- Det einaste vi eigentleg har utfordringar på i styre og stell, er å få med fleire yngre folk og jenter, seier Lars Nyhus.

Han legg til at det burde vera plass til andre enn karar over femti, sidan dei ikkje heilt er målgruppa for aktivitetene.

- Mange av de beste utøvarane er jo til dømes jenter, seier han.

Han fortel at dei frammøtte fekk gruppeoppgåver, kva er viktig, kva sport har størst aktivitets- og inntektspotensial og kor mange frivillige kan ein rekne med å rekruttere i dei ulike greinene.

Eit av svara etter møtet er at styret sit att med fleire folk til anleggsgrupper og som frivillige. NMK Midt-Gudbrandsdal eig Vinstra motorsportarena, og idrettslaget har omlag 250 medlemmar.

Kåre Solbakken ba i torsdagens Dølen folk møte opp for å stikke ut vegen framver for Palane. Det gjorde dei. Foto: Guro Vollen