Gründer Siv Sviland Høye og TIMBR AS, stadfester at dei går til dei beste i klassen, når dei har plukka arkitektar til å skisse framtidsvisjonar for Høye gard.

Drodling om framtidsbruk

– Vi er heilt i startfasen med skisser og drodling, men vi har hatt fleire møte med Snøhetta og er imponert over tilnærminga dei har, seier Høye om det verdsrennomerte arkitektfirmaet.

Frå før har Snøhetta bygg som biblioteket i Alexandria, operaen i Oslo og Viewpoint Snøhetta på merittlista.

– Vi skal i fyrste omgang skissere opp kva som kan byggast, heilt i fyrste fase er vi nå. Litt kva ein kan bruke garden til, med beliggenheit, utsikt, historie, nærleiken til nasjonalparken. Alt dette tente arkitektane på, seier Høye, og legg til fleire «hvis» og «men».

Mykje kjem an på finansiering vidare frå fyrste skissestadiet, men Høye meiner at Snøhetta også kan vera ein fordel når ein eventuelt skal ut å finansiera ei utbygging.

– Snøhetta arkitekter er jo i ein klasse for seg, og det er artig å sjå at dei også ser moglegheitene som ligg her. Ennå veit vi ikkje kva som blir sluttrudelutten, seier Siv Sviland Høye.

Faksimile Dølen 30.12.15