Trillingjentene Nora, Hanna og Magnhild Risdal Vaterland vart bore til dåpen på det som er Skåbus og Nord-Frons siste husmannsplass, Bakkestugu ved Kamfossen.

Fyrste gong

Og at det var ein spesiell dag, kan sokneprest Jens Petter Ous skrive under på.

– Dåp av trillingar har presten aldri opplevd før i dei 32 åra eg har vore prest! Så dette var ein festdag med stor glede, seier Jens Petter Ous til Dølen.

Mor Hanne-Kristine Risdal er godt nøgd etter dåpen.

– Det vart ein veldig fin dag, på ein veldig fin plass. Veret var også på vår side, seier Risdal til Dølen.

Også Skåbukorpset bidrog til den flotte rammen.

Rolege jenter

Og dei tre jentene klarte seg også bra gjennom ståheien.

– Det er jo tre gonger risikoen når det er tre ungar, men det var ikkje mykje lyd frå dei, smiler Risdal. Ho fortel at Nora, Hanna og Magnhild er ganske rolege av seg også til vanleg.

Og trillingar er sjeldan – i alle fall i Midtdalen.

– Vi veit om tre damer frå Ringebu som er mellom 40 og 50 år, elles må ein ut av Midtdalen. Så vanleg er det ikkje, seier Risdal.

Hektisk

Ho innrømmer at livet som trillingforeldre, attåt to større gutar, til tider er hektisk.

– Det er det, men samtidig går det over all forventning. Eg hadde trudd det skulle bli "verre", om det går an å seie det, ler Risdal. – Og så har vi stor og hjelpsam familie som trør til, samt litt ekstrahjelp i kommunal regi, som vi er veldig takknemlege for!, legg Risdal til avslutningsvis.