"Prisvinnerne fremmer Hageselskapets formål på en enestående måte med dugnadsarbeid og formidling til glede for alle besøkende", heiter det i grunngjevinga bak prisen, som vart offentleggjort i ei pressemelding frå Norsk hageselskap onsdag.

- Eg vart dugeleg forundra, og når eg fekk tenkt meg om litt, så er det kjempeartig. Det er veldig mange som har lagt ned veldig mange timar, for at ugrashauger og nedsigne hagemurar har vorte ein så fin hage, sjølv om vi ikkje er ferdige ennå, seier Halldis Myhre Tvete, leiar i Hagegruppa i prestegarden.

Pris også i fjor

Hagegruppa i Prestegarden vart også i fjor tildelt pris, da var det kulturprisen for Ringebu kommune som vart hagedamene til del. For det er for det meste damer som er med i hageguppa. Fleire karar er også engasjert i hagen, men har danna si eiga plengruppe - og i tillegg er det frivillige frå Rotary som rakar plenene kvar vår.

- Det er klart at hagegruppa vil bli trekt mest fram i denne prisen frå hageselskapet. Eg tenkte med det same at dette er ei stor ære, og vel fortent til hagedamene, seier leiar av stiftinga Ringebu prestegard, Einar Høystad, etter at tildelinga vart kjent gjennom ei pressemelding frå hageselskapet onsdag.

Prisen kjem til å bli delt ut ved ei tilstelning for alle dei frivillige ved prestegarden, samt representantar frå fylkeskommunen og kommunen. Til saman er det om lag hundre frivillige som er engasjert i arbeid for prestegarden på eitt eller anna vis, i følge Høystad.

- Vi hadde planlagt ein hyggekveld i samband med at vi har jobba med hagen i ti år, og da var det jo fint at utdelinga kunne foregå der, seier Tvete.