Bekkemellom la ut nyheiten på si Facebook-side laurdag morgon, med melding om at det nå går mot slutten for Heidals-bandet VON. Det har vore stilt rundt bandet ei stund, og grunnen er at det har skorta på motivasjon i følge Bekkemellom.

- Det e mæ beklagels oss nå ska meddele at VON-eventyret nå æ på uppløpssida. Oss ha funne ut at oss ska uppløyse bandet, skriv han.

I april 2016 gjekk VON i studioet til Vegard Moshagen på Vinstra, for å byrje på sitt fjerde album. F.v.: Tor Arne Tofte, Erling Lid, Ole Jonny Bekkemellom og Geir Sletten. I originaloppsettinga til VON var avdøde Erik Holen med, mens i dag er det Tormod Myrvang frå Sør-Fron som er bassist. Foto: Ole Magnus Røen

Ingen dramatikk

Det ligg ikkje nokon dramatikk bak avgjera, men gitaristen og vokalisten beskriv at det har gått tungt i det siste, og at ambisjonsnivået ikkje lenger er der det bør ligge for bandet.

- Oss skjøl lag som gode kompise, og vel forlikte. Oss ønskje å takke for ei fantastisk reise gjennom 12 år, og fire albumutgivelso, skriv han vidare.

Bekkemellom og bandet takkar plateselskap, samarbeidspartnarar og publikum, som har fulgt det populære bandet, som syng på ekte heidøl.

Plassering på VG-lista

Bandet byrja eigentleg under namnet John`s Crossing i 2006, men bytta namn til VON da dei starta å synge på døl og fekk platekontrakt i 2009. Dei ga til saman ut fire plater, og den siste kom i august 2017.

- Vi har vore med på "skrekkjele mykjy løyle". Gode plasseringar på VG-lista, store konsertar for tusenvis av folk over heile landet, samt TV- og radiotid. Ei kjempefin reise alt i alt, seier Bekkemellom til Dølen.

Det er derimot ennå tid til å få høyre bandet ein siste gong. Dei spelar i Lom i juni, på dansefestivalen på Sel i juli, samt eit speleoppdrag på Kolonialen på Vinstra.