Dette handlar om folkestyret og at innbyggarane skal høyrast. I Innlandet vart folkeavstemminga karakterisert som verdilaus fordi det var litt under 50% av innbyggarane som hadde nytta stemmeretten sin. Resultatet var eit fleirtal for å løyse opp att, og særleg tydeleg i distriktsregionane. Skal tru om den hadde vore meir verd om fleirtalet hadde stemt ja for å fortsetje som Innlandet?

I debatten om denne oppløysinga vart det gjort eit stort nummer av kor kostbart det ville bli. Det blir snakka lite om kor kostbar kommune- og regionreforma som Solberg-regjeringa dreiv med i 8 år har vore, og kor lite resultat vi ser av det anna enn meir sentralisering og færre politikarar.

Eg, Marit Knutsdatter Strand, stilte spørsmål om dette til daverande Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram den 6. januar 2022, og fekk til svar at berre dei direkte utbetalingane frå departementet var i overkant av 3,2 milliardar kroner under Høgre sine kommunalministrar. I tillegg kjem alle kostnadar som kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege aktørar har hatt i samband med reforma.

Kommune- og regionreforma førte til omfattande prosessar med stor ressursbruk . Vi har ikkje tal på kor mange møter vi hadde i kommunar og fylket om dette. I Innlandet førte det ikkje til ei einaste kommunesamanslåing, men Hedmark og Oppland vart slått saman med tvang. Møre og Romsdal, Rogaland og Nordland derimot, fekk fortsetje som før. Andre plassar vart kommunar slått saman mot folket si vilje. Det er det denne regjeringa prøver å rette opp att, ved at dei i det minste må få si meininga si om det nå.

Det går fort til ny valkamp for eit nytt Storting. Høgre vedtok seinast på landsmøtet i 2023 at dei vil fortsette kommunereforma og leggje ned fylkeskommunen. Det syner tydeleg at Høgre meiner at vi bør fortsette å slå saman kommunar trass i ein reform som pågjekk i 8 år utan anna resultat enn store kostnadar og stagnasjon i utviklingsarbeid. Har Høgre ein plan om kven som da skal ta over det ansvaret som fylkeskommunen har i dag. Kven skal forvalte og prioritere fylkesvegane og drift og vedlikehald? Kven skal prioritere og utvikle dei vidaregåande skulane? Kven skal styre kollektivtrafikken? Kven skal ta eit overordna samfunnsansvar med tanke på den grøne omstillinga, beredskap, energi, arbeidsplassutvikling, kulturarv m.m.? Er det kommunane eller staten? Og! Kva vil kostnaden bli?

La oss utvikle og ikkje avvikle. La oss desentralisere og balansere, og ikkje sentralisere enda meir. Det er viktig for Innlandet at vi har ei balansert utvikling både med tanke på folketal og verdiskaping.