HER kan du lese innlegget der Kjæstad stiller spørsmål til politikarane.

Vil de auke kapasiteten innan eldreomsorgen i Nord-Fron kommune?

Kommunale omsorgstenester er svært viktige for mange, og behova vil auke i åra som kjem. Senterpartiet vil difor styrke heimetenesta, tilboda om avlasting for pårørande og etablere fleire plassar på Sundheim.

Det kjem fram for mange eksempel på at eldre, og andre grupper med særlege behov, ikkje får tildelt hjelpa dei søker Nord-Fron kommune om å få. Vi veit at dei fleste ikkje ber om hjelp frå kommunen før det er heilt nødvendig, ofte også lenge etter at det reelle behovet har oppstått. Difor er det svært alvorleg når kommunen ikkje har kapasitet til å gi nødvendig hjelp.

Senterpartiet meiner at kommunestyret regelmessig må få orienteringar om det faktiske behovet for kommunale omsorgstenester. Det er gode rutinar for rapportering til politikarane i Nord-Fron om kommunen sin økonomiske situasjon. Like viktig er det at politikarane til ei kvar tid er orienterte om situasjonen innan dei kommunale omsorgstenestene. Behova for slike tenester kan endre seg raskt, og det er viktig at kommunen har rutinar som sikrar at politikarane til ei kvar tid får best mogleg informasjon om behov i forhold til kapasitet. Det er berre på det grunnlaget at politikarane kan gjera gode vedtak om endring og tilpassing.

Tildelingskontoret tildeler tenester ut i frå dei rammene som er vedtatt politisk. Dersom kriteria for tildeling er for strenge må dette meldast attende til politikarane, slik at dei kan vurdere å endre kriteria. Om dei økonomiske rammene er for små i forhold til behova er det eit politisk ansvar å auke rammene til desse tenestene. Dette er lovpålagte tenester som kommunen må prioritere.

Bør Kvam Trivselsbad oppretthaldast?

Senterpartiet vil gå inn for at Kvam Trivselsbad blir oppretthalde. Det er utarbeidd ein plan for vedlikehald som strekker seg over fleire år, og vi kjenner kostnadene med å halde badet i drift. Difor har vi eit godt grunnlag for å ta stilling til dette nå.

Om ein ser kostnadene til vedlikehald i forhold til bygget sin alder er det ikkje uventa høge tal. Senterpartiet meiner at dei positive sidene ved å oppretthalde badet er så store at det er forsvarleg å gjennomføre nødvendig vedlikehald. Å ta vare på det vi i fellesskap har av verdiar i lokalsamfunna våre er svært viktig, og Kvam Trivselsbad er eit godt eksempel på det.

Nord-Fron kommune har etter kvart fått fleire kommunale anlegg som krev stort vedlikehald. Naturleg nok er mange av desse plasserte i kommunesenteret på Vinstra. For Senterpartiet er det viktig at det vi har av slike anlegg i andre delar av kommunen også blir tatt vare på. Senterpartiet vil prioritere vedlikehald og drift av svømmehallane i Skåbu og i Kvam.