Mange er nå spente på korleis neste kapittel i historia om skuletilbodet for ungdommen i Gudbrandsdalen vil bli. Blir det eit eventyr, eller ei truverdig historie som gir alle regionar gode utdanningstilbod?

Den infrastrukturen som fylkeskommunen i dag har for vidaregåande opplæring er svært viktig å ta vare på.

Alle skulestader i Gudbrandsdalen gir svært viktige bidrag til ungdommen si utdanning, arbeidslivet sine behov for arbeidskraft og viktige arbeidsplassar i lokalsamfunna.

Denne strukturen vil vera svært viktig også i dei neste delane av historia om Gudbrandsdalen.

Senterpartiet meiner at nødvendige endringar i det vidaregåande skuletilbodet skal gjerast innanfor desse rammene.

Tilbod må vurderast og endrast ved behov, men strukturen må ligge fast. Dei investeringane som er gjort i skulebygg og annan infrastruktur må vi ta vare på og fylle med aktivitet.

Fylkestinget får kvart år innsyn i aktivitet og faglege resultat på fylket sine vidaregåande skular. Dei såkalla «tilstandsrapportane» har dei siste åra vore svært gode, med lite fråfall og gode faglege resultat.

I alle delar av fylket har det vore slik, og det viser at det gjennom mange år er lagt eit godt grunnlag for god læring.

Rapportane viser ikkje, som Arbeiderpartiet og Høgre hevdar, at ungdom i dag blir utdanna til kompetanse som arbeidslivet ikkje etterspør, og at mange fell frå.

Det er svært høg grad av formidling til læreplassar og stadig fleire har dei siste åra fullført si utdanning. Rapportane viser at alle skulane gir eit svært godt tilbod, og at både arbeidslivet og ungdommen har stor nytte av dei.

Å bu og leva i Gudbrandsdalen vil aldri bli som i eit eventyr. Her, som alle andre stader, må ein arbeide hardt for å skape ei god framtid.

Innlandet fylkeskommune må forstå at den fylkeskommunale innsatsen må vera minst like stor her som i andre delar av fylket. Og som hovudansvarleg for den regionale utviklinga må fylkeskommunen i enkelte regionar føre ein meir aktiv distriktspolitikk enn i andre regionar.

Det er ingen «hubar», «porteføljar» eller andre fylkeskommunale prosjekt som kan erstatte dei vidaregåande skulane si rolle i utviklinga av distrikt-regionane i fylket.

Alle dei vidaregåande skulane i Gudbrandsdalen må brukast, for ei god utvikling i alle delar av fylket.

Det vil ikkje koma noko eventyr ut av det, men det vil bli ei god og sann historie.