Det er derfor på sin plass å minne om kva ein faktisk sett i spel om ein går inn for å reversere eit vedtak som vart fatta i 2022 og allereie er i ferd med å bli satt ut i livet:

Det er tilsett prosjektleiar som i samarbeid med administrasjonen jobbar opp mot utvalde tilbydarar, ein detaljert tidsplan er lagt og lærarar og elevar er i ferd med å førebu seg på samanslåing.

Vedtaket om 1-10-skule blei fatta etter omfattande utgreiingar, vurderingar og diskusjonar. Å skulle starte prosessen på ny nå er uansvarleg. Skal kommunen drifte skulen på best mogleg vis, skaffe lærarar og læremiddel, samstundes som eldrebølga er i ferd med å treffe oss av full kraft og vi må tilsette fleire i omsorgstenesta, er 1-10-skule i tilknyting til kulturhuset og badeland einaste reelle løysing.

Utreiinga om samarbeid med Nord-Fron viser òg at det blir uforholdsmessig dyrt å sende ungdomsskuleelevane ut av kommunen, samstundes som vi gjer slepp på ein sentral funksjon i Sør-Fron. I tillegg er risikoen stor for at vi vil gå inn ein endelaus lokaliseringskamp med Nord-Fron om plassering av ein ny skule. Dette er det siste vi treng.

Ved å renovere og bygge om, i staden for å bygge nytt, vil vi vidare kunne nytte rentekompensasjonsordninga for skulebygg som regjeringa nyleg lanserte. Skuleprosjektet påverkar heile kommunen på mange vis og vi er nøydd om å tenke heilskapleg om dette. Vegen fram mot å samle bygda i ein felles ny skule er klar, nå må vi opptre ansvarleg og gå han saman.

Ole T. Muriteigen har gjennom dei siste 12 åra vore ein framtidsretta og framoverlent ordførar. Ingen er betre skikka enn han til å gjennomføre ein framtidsretta skulestruktur i Sør-Fron.