1.            Kva betyr landbruket for kommunen?

Det er ofte prat om hjørnesteinsbedrifter i lokalsamfunn, men sjeldnare blir dette brukt om landbruket. Til tross for at vi her snakkar om kjernen av eit samfunn og den faktiske årsaka til at samfunnet består. Slik er det også i vår kommune. Landbruket er og blir nøkkelen til at det framleis skal bu folk i kommunen, og at vi skal kunne nå nasjonens krav om sjølvforsyning. Alt dette utan å nemne den store kulturelle verdien landbruket og tradisjonane det bygger på har.

2.            Kan det gjennom politisk arbeid bli betre for landbruket?

Politikken skaper livsgrunnlag for landbruket. Her går det eit skilje mellom dei som ønskjer ein utvikling regulert av marknadskreftene, og dei som ønskjer eit levedyktig landbruk basert på folks behov. Spørsmålet om EU og EØS er i særleg grad eitt av dei mest betente politiske spørsmåla i vår tid. Raudt ønskjer ein landbrukspolitikk basert på sjølvforsyning, busetting og at dei som sikrar samfunnet blir verdsett av det, i form av at det er mogleg å leve av drifta si utan å bli tvinga til stordrift.

3.            Det blir stadig færre aktive bruk, kva kan gjerast for å snu den negative trenden?

Eg meiner at vi må erkjenne at vi treng ein aktiv og levedyktig politikk, fristilt frå ein marknad der vekst er det einaste målbare. Sjølvforsyning, beredskap og dyrevelferd må gå framfor krav til effektivisering og krav til «marknadens» lønnsemd. Statens rolle er å sikre dette ved å yte det han kan for å løfte bonden. På statleg nivå må det rett og slett omprioriterast. Kor mange landbruksoppgjer kostar til dømes miljøbløffen som er elektrifiseringa av Melkøya? Men det er kommuneval, så eg skal ikkje berre rette fingeren mot staten. Heldigvis har Nord-Fron kommune fleire tilskotsordningar, for eksempel landbruksfondet som er ei ordning vi ønskjer å helde fram med og styrke. Politikk som er med på å rekruttere fleire til og ikkje minst behalde dei vi har i landbruket er ufatteleg viktig, da dette til sjuande og sist omgår oss alle.

4.            Det er nå mye fokus på at sjølvforsyninga skal aukast på lokale ressursar, er det da god politikk å bygge ned seterstuler og dei andre gode beiteområda?

Svaret er enkelt. Nei, det er dårleg politikk. Det er eit ledd i å ytterlegare fortrenge landbruket og tvinge det inn i ein produksjonsform vi ikkje ønskjer.

5.            Er det godt nok å ha bu og driveplikt i 5 år på landbrukseigedom?

Dette er ofte mindre bruk som blir til ferieeigendommar.Bo og driveplikt er eit verkemiddel. Eit anna verkemiddel er å sikre at landbrukseigedommar gir livsgrunnlag. Begge delar er viktige for å sikre drift og busetting. Jo betre vilkår, jo lettare vil krav til bo og driveplikt vere å oppfylle. I dagens situasjon er fem år kort tid. Bo og driveplikt aleine løyser ikkje landbrukets problem på lang sikt.

6.            Dei seinare åra har det blitt kjøpt opp landbrukseigedommar, dette gjer sjølvsagt at desse bruka blir større, men for busettinga i den enkelte grend eller bygd er det ingen fordel. Er det vilje til å stramme inn på dette?

Det skal vere lys i vindauga, dei som bur der skal vere knytte til jorda som er opparbeidd gjennom generasjonar. Vi i Raudt er villige til å stramme inn konsesjonskrav samtidig som vi ønskjer ein politikk som gjer det attraktivt å kunne leve av landbruk. Vi ønskjer eit samfunn som tek sjølvforsyning, busetting og beredskap på alvor.

Eg håper at svara oppklarer vårt syn på landbruket. I tillegg meiner eg at det er viktig at vi som politikarar  lyttar til alle i landbruket slik at vi kan samarbeide om for å føre ein politikk som er bra for bonden, og dermed ei god framtid for næringa. Det vil gagne heile samfunnet.

Eg oppfordrar alle til å bruke stemmeretten sin, både i kommune- og fylkestingsvalet.