Arealet er eigd av private og av Sør-Fron kommune.

Tek ein med seg ein solid porsjon etterpåklokskap på ein køyretur etter Fryavegen og Rudivollvegen 40 år etter vedtaket, ser ein at kombinasjonen av alt dette er langt frå optimal.

Det er ikkje noko nytt i planen som no er sendt på høyring, og intensjonen er nettopp å finne gode løysingar for alle gjennom dialog og samarbeid.

Alle grunneigarar vart derfor invitert til møte 23. mai, med spørsmålet: «Kva er viktig for deg som grunneigar?» Mange kom, og møtet vart godt.

Fleire har sendt innspel. Det blir fleire møter. Det er bra.

Det er behov for næringsareal som kan gje arbeidsplassar både på Frya og i bygda elles.

På Frya blir det likevel heilt sentralt å ta nødvendige omsyn til hus og dyrka mark, og finne tiltak som reduserer problematikken rundt støy, støv, lukt og flaum.

Det skal vi få til gjennom dialog og samarbeid.