Her kan du lese innlegget frå Ole Petter Berget.

Senterpartiet sine svar på spørsmåla er desse:

1. Kva betyr landbruket for kommunen?

Landbruket er den viktigaste næringa i Nord-Fron. Næringa forvaltar natur-ressursar som aldri kan flyttast frå kommunen og som til alle tider har vore grunnlaget for busetjing og arbeidsliv. Denne forvaltninga skaper store verdiar  og den sysselsett svært mange. I tillegg til dei som arbeider i næringa er landbruket i Nord-Fron også ein stor del av grunnlaget for anna næringsliv i kommunen.

2. Kan det gjennom politisk arbeid bli bedre for landbruket?

På ulike nivå kan politiske prioriteringar og vedtak betre landbruket sin situasjon. I Nord-Fron kommune er det viktig å oppretthalde eit godt landbrukskontor, eit landbruksfond som kan støtte opp om ulike tiltak og ein areal-politikk som tek vare på den dyrka jorda og utmarksbeitet.

Senterpartiet vil i tillegg til landbruksfondet opprette ein budsjettpost som kan gi økonomisk støtte til planlegging og utviklingsarbeid i landbruksnæringa.

3. Det blir stadig færre aktive bruk, kva kan gjerast for å snu den negative trenden?

I tillegg til det som er nemnd i spørsmål nr. 2, er det viktig at kommunen har god dialog med landbruksnæringa. Saman må kommunen og næringa bidra til at det blir sett i verk tiltak for å prøve å snu den negative trenden vi ser. Saman må dei få fram dei positive sidene ved landbruksnæringa, mellom anna for å bidra til rekruttering til landbruket. Kommunen må øve påtrykk for å betre den nasjonale landbrukspolitikken.

4. Det er nå mye fokus på at sjølforsyninga skal aukast på lokale ressurser, er det da god politikk å bygge ned seterstuler og dei andre gode beiteområda?

Nei, det er ikkje riktig å bygge ned område slik at grunnlaget for matproduksjon blir redusert.

5. Er det godt nok å ha bu og driveplikt i 5 år på landbrukseiendom? Dette er ofte mindre bruk som blir til ferieeiendommer.

Reglar om bu og driveplikt er viktige for å kunne sikre at ressursane blir brukt, og at det blir busetjing på gardsbruk. Vi ser at det også er andre forhold som blir vektlagt ved behandling av slike saker. Praktiseringa av regelverket gir difor  ikkje alltid busetjing, slik intensjonen er. Om dette vil endre seg ved ei eventuell forlenging av tida med bu- og driveplikt er vanskeleg å vurdere.

Senterpartiet meiner reglane må utformast og praktiserast slik at dei i størst mogleg grad fører til busetjing og drift på landbrukseigedomar.

6. Dei seinere åra har det blitt oppkjøpt landbrukseiendommer, dette gjør sjølvsagt at desse bruka blir større, men for bosettinga i den enkelte grend eller bygd er det ingen fordel. Er det vilje til å stramme inn på dette?

Konsesjonslova gir rom for å setja krav til den som skal kjøpe ein landbrukseigedom. Når ein kjøpar oppfyller desse krava er det lite kommunen kan gjera for å påverke kven som kjøper slike eigedommar.

Senterpartiet meiner at det er svært viktig å betre økonomien til små og mellomstore bruk, og at dette mellom anna kan bidra til at slike landbrukseigedomar i mindre grad blir lagt ut til sal. Om vi skal ta vare på ressursgrunnlaget for matproduksjon i Nord-Fron må bruksstrukturen vera slik at desse ressursane blir utnytta. Store bruk med intensiv drift vil i mindre grad utnytte areal som er mindre og tyngre å drive.