Denne veka har vi i Dølen fulgt rettssaka der ein bonde står tiltalt for brot på dyrevelferdsloven.

Da alarmen gjekk ein dag i januar i fjor, vart det på garden til bonden funne dyr som ikkje hadde fått mat og stell. Over 300 grisar vart slakta som følgje av hendinga. Det heile er ei vond sak og ei tragedie for dei som står midt oppi det.

«Det er ingen vinnarar i dette, berre taparar», sa bonden sjølv da han vitna på rettssakas fyrste dag.

Som tilhøyrar i rettsaka, og med bakgrunn i møte vi i lokalavisa har med lokale bønder, har eg gjort meg nokre tankar om det å drive som gardbrukar i dag.

Det er mange viktige sider ved bondeyrket å sette søkelyset på. Vi står i ei tid der det er svært viktig å løfte fram debatten om korleis vi skal sikre norsk matproduksjon. Mitt poeng er ikkje å svartmåle situasjonen, men å ta opp nokre tema som eg meiner er vesentlege.

Og ikkje minst, vi treng håp og framtidstru. Det finst det også mykje av.

Nedgong i gardsbruk

Nordmenn vil ha norsk mat, og vi ønskjer i størst mogleg grad å vera sjølvforsynte og produsere eigen mat.

Vi opplever stor nedgong i talet på gardsbruk. I 1979 var det i følge SSB 125 302 gardsbruk i Norge. I dag er talet nede i 37 561. Berre på 14 år har det vorte 10 000 færre gardsbruk i landet vårt. Fortsett denne utviklinga, er vi om få år nede på 20 000-talet.

Korleis skal det da gå med sjølvforsyningsgraden og det levande Bygde-Norge som vi er så glade i og avhengige av?

Korleis skal vi ta vare på bonden, og korleis kan vi sikre at det å drive gard også vil vere attraktivt i framtida?

Slik er utviklinga i talet på bønder som har søkt produksjonstilskot i midtdalskommunene:

RINGEBU:Antal
2004 (år)280
2010249
2018217
2023202
SØR-FRON
2004 (år)190
2010182
2018164
2023144
NORD-FRON
2004 (år)280
2010237
2018180
2023178

Lite lønnsamt

Det er ingen som frivillig hamnar i situasjonen som bonden i rettssaka. Bønder er hardarbeidande arbeidsfolk som er vande med lange arbeidsdagar og tunge tak.

I ein artikkel i Nationen fortel bonde Vegard Vigdenes at han har jobba 3000 timar i året, og faren 1000 timar med gratisarbeid. Nå orkar ikkje Vigdenes meir, og legg ned.

Bonden i rettsaka beskreiv også ein tøff arbeidskvardag med stor belastning. «Eg var ein bonde i kneståande», sa han. Arbeid attåt det å drive gard vart for tøft.

Verkelegheiten er at mange bønder i dag arbeider deltid på garden, medan dei livnærer seg med andre jobbar.

Vigdenes sat att med pensjonsgivande inntekt på 309.000 kroner i året. Det er stramme økonomiske tider, og det er lite lønnsamt å drive gard. Auka tilskot og høge matprisar, gjer ikkje at matprodusenten sit att med meir. Tvert om er prisane på produkt bøndene sel låge.

I tillegg aukar utgiftene; straumen er dyrare, og prisane på til dømes kraftfôr, gjødsel og drivstoff veks.

Samstundes kjem det nye pålegg som fører til meir investeringar. I 2034 trer mellom anna kravet om lausdrift i kraft. I følge det lokale landbrukskontoret, har enda halvparten av bøndene båsfjøs i Midtdalen.

Auke sjølvforsyninga

Sjøl om det er færre gardsbruk i dag enn før, er det like mykje jord som vert drive: Det blir færre drivarar med meir areal og større besetnigar. Dermed aukar også arbeidsbelastninga på den enkelte. Det er kanskje ikkje rart at mange ikkje orkar meir og vel å legge inn årene. Det kan også vere til å forstå at unge vegrar seg for å ta over gardsdrifta.

Poenget er, når arbeidet er så krevjande og hardt, må det vise seg att i lønsamheit og faktisk inntekt.

Vi kan ikkje forvente at bonden skal legge ned tusenvis av arbeidstimar berre av rein kjærleik til dyra. Det er ikkje til å leve av.

Torsdag denne veka legg næringskomiteen fram si innstilling om korleis ein skal tette inntektsgapet mellom bøndene og andre yrker, og korleis ein skal nå målet om femti prosent sjølvforsyningsgrad av jordbruksvarer.

– Vi meiner det bør bli meir lønnsamt å produsere mat i Norge, rett og slett fordi vi skal auke sjølvforsyninga av mat, uttalar Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) til NRK.

Det blir spennande å sjå korleis politikarane vil løyse dette.

Møteplassar og nettverk

Færre gardsbruk betyr færre bønder. Å vera bonde er på mange måtar eit einsamt yrke.

Før kunne bøndene slå av ein prat over gjerdet, det var meir liv i grendene, der bøndene dreiv side om side. Dei uformelle møteplassane var fleire. I dag er det lengre imellom gardane, og fleire driv gardane åleine. Nettverket blir mindre, og det er vanskelegare å fange opp signal om nokon slit.

Faglaga spelar ei viktig rolle for felleskap og nye møteplassar. Likeeins er etableringa av Bondens nettverk positivt.

Bonden i rettssaka vi har følgd denne veka, sa at han angra på at han ikkje hadde bedt om hjelp.

Terskelen for stolte arbeidsfolk kan vere høg for å be andre om å hjelpe til.

Det trengs gode nettverk som kan vere der om kvardagen blir utfordrande.

Dei siste åra har det vore eit større fokus på bøndene si helse. Eit søkelys på psykisk helse, meir opeheit generelt, er førebyggande.

Glad-historiene

Innlandet er eit matfylke. Bøndene her står for mykje av matproduksjonen i landet. Dette må styrkast framover. Urolege tider bør gjere oss ekstra bevisste på kor viktig det er å vera sjølvforsynte.

Det er mykje svartmåling av bondeyrket og av det å drive i landbruksnæringa. Og det er viktig å ta alle bekymringar på alvor.

Likevel er det positive og fine sider vi og må trekke fram.

Det finst unge som tek over gardane, og fulle av pågangsmot satsar dei og bidreg med mat til folket, levande bygder og lys i glasa.

Les fleire saker om bønder i Midtdalen på slutten av kommentaren.

I Dølen har vi skrive om fleire av dei:

Marianne og Arne Onshus frå Ringebu. Dei reiv det gamle fjøset og bygde opp att nytt. Mjølkekyrne deira leverer årleg frå seg mjølk til å stille behovet til cirka 3 200 nordmenn. I 2024 reknar dei med å produsere 240 000 liter.

Håvard Stenumgard og Sina Lillegård driv som bønder på fulltid. Lange arbeidsdagar skremmer ikkje det unge paret, som er fulle av pågangsmot.

– Det er dette vi vil satse på, sa dei til Dølen da vi intervjua dei.

På Sør-Fron driv Linn Marita Bjerkehagen og Anders Ånne familiegarden. I 2019 bestemte mjølkebøndene seg for å investere - og i stadet for å jevne eksisterende fjøs med jorda og bygge nytt, valde dei å sjå moglegheitene i det dei allereie har.

Niklas Trøstaker kjøpte gard i Brekkom, og fekk også med seg sambuar Ingrid Slaastuen på reisa. Niklas var berre 21 år da han satsa 5,2 millioner han egentleg ikkje hadde og kjøpte draumegarden Hilstad.

Dette er berre nokre av dei mange unge bøndene som det blir svært viktig å ta godt vare på, slik at dei vil fortsette å ha tru på framtida.

For å styrke norsk landbruk og sørge for at vi er sjølvforsynt, må også vi forbrukarar ta ansvar. Vi må ete norsk mat, og norske myndigheiter må legge til rette for at dette valet er enkelt.

Om ikkje bonden er på topp og let vera å stelle dyra, blir konsekvensen stor.

Vi må gjere vårt for å halde på kvar einaste ein av bøndene.

Norge treng bonden.