Talentfulle elevar imponerte både medelevar, lærarar og ordføraren gjennom den timeslange konserten i regi av MOT-stiftelsen.

- Eg er kjempeimponert, mykje fin og flott ungdom med talent, det var veldig bra, seier ordførar Ole Tvete Muriteigen til Dølen etter framsyninga.

Egenprodusert underhaldning

Lokal motkoordinator før konserten, Anne Dalbak, fortel at elevane har hatt ein dag der mange elevar har vore med og delteke på førebuingar av sceneshowet, mellom anna har dei øvd inn koring saman med MOT sine ambassadørar.

- MOT-arbeidet får ein slags bonus med ekstra ståhei ein vanleg skuledag, og sjølvsagt ekstra lærerikt for dei som er med og bidreg, seier ho.

Heile Midtdalen

På scena var det innslag med sang, dans, sketsj og filmar - alt framført og laga av lokale elevar med mot. Eit kor var også sett saman for høvet og var med MOT-bandet som turnerer landt på kryss og tvers. Sydd fint saman vart det av programleiarane Synne Solbakken og Kari Fossehagen.

Tysdag var det stopp i Ringebu, torsdag var det Vinstra som fekk besøk av MOT-bussen.

- MOT-turneen er ein samfunnsbyggande turné til Lokalsamfunn med MOT og Nærmiljø med MOT, for å styrke MOT-arbeidet i kommunane og på skulane.Turneen skal også forsterke glede og meistring blant ungdom, som sjølv er delaktig i førebuingane og i gjennomføring av dagen, både på scena og i kulissane, heiter det på nettsidene til turneen.