Støstad er leiar for servering, kultur og seremoni under ski-NM på Gålå, og med seg har ho eit team av andre begeistra frivillige. Saman skal dei sørge for at folk får fantastiske opplevingar rundt det som skjer ute i sjølve løypene.

– Dei skal skjønne at dei har vore i Gudbrandsdalen, slik at dei ønskjer å kome att, seier Støstad.

Lokal mat og kultur

Og det skal ho og teamet hennar gjere gjennom fleire ulike grep.

– Vi prøver å få Gudbrandsdalen inn i alle delar av programmet. Vi har valt lokale leverandørar på mat. Pølsemakar Anni kjem sjølv, og det blir Annipølse og kjøttkaku på gaffel, det blir spekesnacks frå dalen og flatbrød frå Øyens hjemmebakeri, seier Støstad.

Og attåt kaffien har frivillige frå arrangøridrettslaga Sør-Fron IL, Harpefoss IL, Ruste IL, Tormod SKilag og Vinstra IL baka heimebakst.

– Bygdabakt kringle og sjokoladekake er det ikkje mange stader ein får servert på slike store arrangement, slår Støstad fast.

Ved skistugu på stadion blir det sett opp eit 360 kvadratmeter stort telt der det blir servering frå onsdag og utover.

– Teltet blir hjartet i serveringstilbodet vårt, der vi håper vi skal klare å trekke både bygdafolk og hyttefolk, og ikkje minst alle deltakarar og støtteapparat, legg Støstad til.

Men «tvangsinseminasjonen» stansar ikkje der. Også den kulturelle menyen rundt NM har sterke smakar av Gudbrandsdalen, mellom anna gjennom NM-frokost og NM-kveld fredag. Blant gjestane her er Ole Jakob Grauphaugen frå Rondaståk, kunstnarisk leiar i Peer Gynt-stemnet, Iren Reppen, Gålå-entusiasten Arve Tellefsen, Egil Kristiansen, Åge Skinstad, skihistorikar Thor Gotaas og musikk frå Det Fronske kompani. Eit næringslivsseminar med mellom andre Johan Baumann og Åge Skinstad er det også funne plass til.

TV-sending og NM-SFO

Og ikkje minst er det lagt til rette for publikum rundt løypene på ein enda betre måte denne gongen.

– Vi er veldig glade for å ha fått på plass brua på stadion, som gjer at ingen treng krysse løypene. Ved brua skal vi også ha eitt salspunkt, i tillegg til at vi har eitt ved lavvoen, og nytt av året er at vi også har salspunkt oppe ved tårnet. Det håper vi skal bidra til «mini-Kollen-stemning» for løparane ute i løypa, seier Støstad.

Det blir ekstra viktig i år, da NRK kjem med eit stort team som sender TV-bileta heim til stovene til folk. Sidan dei to fyrste renndagane går på ørkdagar, er alle skulane i Midtdalen invitert. Fredag kjem 950 skuleungar til Gålå.

– Vi er utruleg glade for at dei prioriterer dette, og blir med og skapar liv. I år har vi gså eit samarbeid med Norges skiforbund og Sparebank 1 om aktivitetar for barn og unge, gjennom prosjektet «Snø». Vi har eigne aktivitørar, og legg til og med opp til NM-SFO for dei ungane som ønskjer å vera att etter at skulebussane går ned att på fredag, seier Støstad.

– Å lære seg å vera med på idrettsarrangement er også kulturarv, legg ho til.

Bankett i teltet

Moroa blir avslutta med bankett i teltet laurdag kveld.

– Ei slik helg må feirast med ein fest, og nok ein gong er det smaken av Gudbrandsdalen som står i fokus, når kokkane frå Wadahl kjem for å lage middag til deltakarar og støtteapparat, og duoen DÅM skal med rap på døl sette skistjernene i feststemning avsluttar Støstad.