Det bestemte fylkesutvalet i går, tysdag. Dermed må elevane som hadde tenkt seg vidare frå VG2 data og elektronikk ta andre val. I Oppland er det nå kun Raufoss vidaregåande skule som har dette tilbodet. Også ei VG1 Helse -og oppvekstklasse blir borte frå hausten.

Stort behov

I eit brev til fylkesutvalet måndag, frå ordførarane og sentrale næringslivsleiarar i Midtdalen, kom det på førehand sterke motforestillingar mot kuttet.

- Det er feil å svekke eit framtidsretta skuletilbod innan elektro/data, som gjev ei kompetanse både næringslivet og kommunane etterspør meir enn nokon gong, skriv dei.

I følge innlegget er det eit stort behov for lærlingar innan både elenergi og dataelektronikerfaget; anslaget frå næringsliv og kommunar er på meir enn 16 lærlingar innan elenergi og meir enn 12 innan dataelektrofaget.

- Vi meiner også at dersom denne retninga ikkje blir sett i gang frå i haust, kan det gjera at interessa for studieretninga også på VG1 blir mindre, seier brevskrivarane. (Sjå brevet her)

Var førebudd

Rektor Leif Solheim hadde håpa på eit anna utfall, men tek vedtaket frå fylkesutvalet til etteretning.

-Vi hadde sjølvsagt håpa på eit anna utfall, men vi var førebudd. Det var åtte søkjarar, og det er i utgangspunktet for lite. På den andre sida veit vi at dette er kompetanse næringslivet rundt oss har bruk for, seier Solheim.

VG1 Helse-og oppvekstfag får også reduksjon på ei klasse, også det med same problematikken omkring behovet i midtdalssamfunnet.

- Vi skulle gjerne hatt fleire elevar ut frå helsefag, for her veks behovet i takt med at vi får fleire eldre, seier han.

Bygg- og anleggsfag får for øvrig ei klasse til på VG1, og aukar frå to til tre klasser frå hausten.

Rektor håpar elevane som hadde søkt VG3 dataelektronikk finn noko å byggje vidare på ein annan stad, eller med eit anna val på Vinstra. Det blir ikkje overtalligheit på lærarsida på elektro, da to lærarar har slutta. Det vil dermed ikkje bli rekruttert inn nye i desse stillingane.

Bakgrunnen for fylkesutvalets vedtak finn du her, på Oppland fylkeskommune sine nettsider.