Vi møter tre av elevane som går TIP, inne i verkstadhallen hjå AK Maskin i Lomoen.

Fungerande Verksmester Kristoffer Kvernes seier bedrifta set stor pris på å ta imot elevar frå skulen.

Sjekkar grunnlaget

For lærlingbedrifta i arbeidsmaskinbransja er det viktig.

– For oss er det ein fin måte å sjå kva vi har til grunnlag å rekruttere frå, seier han.

Bransja har i følge Kvernes eit stort behov for lærlingar, og AK maskin rekrutterte sin lærling, Eskil Aasen Wangen, frå Vinstra vidaregåande skule i fjor. Akkurat nå ligg han under ein traktor av eldre årgang og jobbar.

– Vi tykkjer det er veldig greit å følge elevane frå skulen startar, seier han.

Slik blir det enklare å sjå aktuelle lærlingkandidatar.

– Samstundes får dei sjå den reelle arbeidssituasjonen, seier Kvernes.

Derfor opnar dei døra når elevar frå skulen skal ha Yrkesfagleg fordjupning (YFF).

Skruing: I verkstadhallen hjå AK maskin tek dei gjerne imot elevar i utplassering. I to veker har Anders S. Randen (th.) vore her, medan Erik Slette og Lukas Wasmuth har vore på høvesvis Vinstra autoservice og Montér. Bak faglærar Anders Amrud og Kristoffer Kvernes. Under traktoren og i arbeid, lærling Eskil Aasen Wangen. Båe

Vidare på Vinstra

Anders Sandbu Randen går fyrste året på TIP, og har vore utplassert hjå AK maskin desse vekene. Han er godt nøgd.

– Eg har fått prøve alt mogleg, både skruing og litt forskjellig, seier han, og har tenkt å gå vidare på VG2 på Vinstra.

Bøker og teori saknar korkje han eller dei to andre, Lukas Wasmuth og Erik Slette.

– Det er mykje betre enn teorien på skulen, seier Slette, som torsdag jobba med bremser på ein lastebil hjå Vinstra autoservice. Han ser gjerne at det hadde vore mykje meire praksis enn det er nå, også.

– Og så er det meir reelt, du skal faktisk gjera ein jobb som ikkje er ei øvingsoppgåve, slik som dei vi har på skulen, legg Wasmuth til.

Han er utplassert hjå Montér, og har skrudd saman grasklypparar og jobba med lagerføring, men siktar seg vidare innan smedfaget.

Stor velvilje

Faglærar Anders Amrud skryter av bedriftene som tek imot elevane.

– Det er veldig stor velvilje hjå bedriftene i Midtdalen. For våre elevar har det mykje å seie, og i tillegg er det også fint for oss lærarar. Vi får på den måten innspel på kva som rører seg i bransja, seier han.

Han skjønnar også at godt elevanes motivasjon blir annleis med reelle oppgåver.

– Det blir sjølvsagt noko anna enn ei øvingsoppgåve på skulen, seier han.

Lisa Lien er utplassert på ein varebil frå Bring. TIP-eleven er ikkje heilt sikker på valet til neste år.

– Eg hadde eigentleg tenkt å gå billakkerer, men nå ser eg at dette også kan vera artig, heldigvis har eg att ei tid før eg må bestemme meg, seier ho.

Saman med sjåfør Geir Stuksrud fraktar ho mellom anna bildelar i heile dalen.

Fordjupning

YFF er eit eige fag på yrkesfagleg studieretning, og elevane vel sjølve område til fordjupning.

– Valgmoglegheitene etter VG1 er store, og det er eit viktig val, fordi VG2 er det løpet der ein startar på faget, forklarar Jarle Østrem, som er rådgjevar på fagopplæring hjå Oppland fylkeskommune.

Store på arbeidsmaskiner

– Arbeidsmaskiner (som er VG»-tilbodet på VVS) er ikkje det største lærefaget, kanskje 8-10 lærlingar kvart år, på fylkesnivå, seier han.

Østrem legg til at dei fleire regionale bedrifter tek inn lærlingar jamt og trutt i Midtdalen.

Halvparten av medlemsbedriftene til traktorbransjens opplæringskontor i fylket, held til i Midtdalen, viser oversikta frå bransja sjøl.