Tidlegare GE-direktør Slapgard er dermed fyrst etter tre års planlegging, testing og tilrigging.

Ideen kom da dei fyrste telekomselskapa kasta seg inn i energimarknaden.

– Vi tenkte, kvifor kan ikkje vi da gå inn i telekom, seier Thomas Mathisenmarknadssjef i GE.

Mobil: Gudbrandsdal energi går til telekom-bransja, og tilbyr innan neste månad er slutt, eksklusive abonnement til lokale GE-kundar. Foto: Guro Vollen

Fyrst i Innlandet

Nå er dei ikkje fyrst ute med den ideen, men ingen i Innlandet er hittil på bana.

– Før har det vore ein konsentrasjon av mobiloperatørar omkring Oslo. Det vil vi gjera noko med, for å skape verdiar i form av både lønsemd og arbeidsplassar, seier Mathisen.

Så langt er tre tilsettingar resultatet av mobiloppstarten. Marknadssjef for GE mobil, Marius Sveipe, er ein av dei, og han og tre andre interne har testa abonnement ei stund.

– Det har funka veldig fint, nå står det att å teste systema våre opp mot kundeopplevinga med innlogging mot nettsidene, fakturering og slike ting, seier han.

Frå medio neste månad får dei som allereie har kundeforhald til GE eksklusivt tilbod om å bli lokal testpilot for det nye selskapet.

– Vi tilbyr eksklusivt for 1500 lokale kundar fyrst, for å teste tenesta og sjå at alt fungerer, forklarer Sveipe.

Deretter står heile landet for tur. Det blir i august, dersom alt går etter plana.

– Kva er målsettingane?

– Det er eit mål om 5000 kundar fyrste året, seier Jansrud.

Høge krav

At den gamle sjefen for GE, Bjarne Slapgard får fyrste abonnementet, blir inga kvilepute.

– Eg er ein veldig aktiv mobilbrukar, så Marius her ligg syltynt an om det ikkje fyller krava, spøkjer han.

Dekningsmessig meiner dei å fylle krava.

– Vi skal bruke telenor sitt nett, og det skal vera det beste, i alle fall her i Gudbrandsdalen, seier Sveipe.

– Så langt ser det greit ut, her kjem det mailar og møteinnkallingar så der «huar», melder Slapgard over telefonskjermen.

– Det er veldig alright at bedrifter i Gudbrandsdalen er så på hugget!

Jan Jansrud legg til at den nye operatøren også skal konkurrere på pris.

– Dersom du til dømes landar i New York skal du merke på prisen at du er GE-kunde, seier han.

Gull?

Til slutt må berre spørsmålet opp; blir det alpingull å finne i sim-korta til GE mobil, slik telenor har reklamert med?

– Ja, nå sit jo eg på ein del av dei medaljane, så vi får sjå, ler Jan Jansrud - far til ikkje heilt ukjente Kjetil.