Elevane i 3. og 4. klasse på Barhaug skole har denne veka jobba med prosjekt rundt nettvett og nettmobbing.

Jobba i grupper

Onsdag fekk vi besøk av politiet som prata med elevane om korleis vi opptrer på nettet. Elevane har sjølve jobba i grupper, og laga ein presentasjon/film om dette viktige emnet.

- Elevane har vore ivrige og engasjerte i dette arbeidet. Eit svært vellykka prosjekt. 5. og 6. klasse hadde og besøk av politiet der dei prata om nettvett., fortel lærar Cathrine Elserud Nygård ved Barhaug skole.