Konsernet får eigarar frå Innlandet, med Vinstra elektro-gründer Tore Sæthersmoen som ein av fire.

I lokala til GEI har oppussinga av kontor vore i gang ei stund, her blir det samlokalisering.

Lærling Østen Haug trudde han jobba med nye kontor til dei i etasjen over, før beskjed om samanslåinga kom måndag.

– Spennande, syns han.

Dei tillitsvalde i GEI og ELØK seier mottakinga var blanda, men optimistisk. I GEI har det vore permitteringar i vinter.

– Folk er uroa for om det blir nok oppdrag til alle, seier tillitsvald Anders Myhre.

Tore Sætersmoen seier mykje av grunnen til samanslåinga er nettopp å kunne få meir å gjera, og kunne jamne ut sesongsvingningane som har føld bransjen.

Leiarduo

Susann Endrestad, som er dagleg leiar i Eløk i dag, får den funksjonen også i det nye selskapet. Ho dannar leiarduo saman med dagleg leiar i GEI Øyvind Sæthersmoen, som går inn som økonomisjef.

– Det er veldig godt å ha eigarar som er lokale, og kort veg til avgjerder, seier Endrestad.

Endringa trer i kraft 1. september, men prosessen med å samkjøre ulike system startar nå.

– Har de noko spesielt større prosjekt i tankane allereie?

– Vi har jo veldig lyst på el-installasjonsarbeida i Nedre-Otta-utbygginga, vedgår Tore Sætersmoen.

ELØK gjennomførte tilsvarande arbeid på Rosten kraftverk i fjor.

– Nå får vi fleire folk å hente frå, både i antal og kompetanse, og vi håpar det skal gje ein god effekt, seier Øyvind Sæthersmoen.

Heiar på nerding

Det nye selskapet satsar på gjennomføring av større prosjekt, ved å tilsetja ein person øyremerkt til nettopp det.

– Det trengs nokon dedikert til gjennomføring av prosjekt i ei bransje som er stadig meir komplisert, seier Tore.

– Før var vi for små til å vera store, og for store til å vera små, nå opnar vi for at fleire kan spesialisere seg, seier Øyvind.

– Så det blir meir nerding?

– Ja, vi skal ha nerdane i faget vårt, dette er eit teknisk fag, og det skal vi heie fram, seier Tore.

Å stå sterkt fagleg og selja riktig kompetanse blir ennå meir viktig framover, meiner dei.

Uroar seg for skuleløpet

– Derfor er vi uroa over nedlegginga av det eine løpet til elektrofag på vidaregåande, og er redd det blir mindre attraktivt å søkje elektro, seier Tore Sæthersmoen.

Installasjonsbedriftene er saman allereie største mottakaren av lærlingar frå vidaregåande på Vinstra og er heilt avhengige av denne rekrutteringsarenaen.

– Vi er uroa for fagmiljøet, med usikkerheit om dei vidare løpa. Viktigaste rekrutteringa vår er lærlingar, seier Susann Endrestad.

– Vi må ha folk som kan ta oss inn i den digitale verda, datalina er også viktig, seier dei.

Dessutan er den digitale satsinga ein stor del av overbygninga, når namneskiftet kjem.

– Vi skal serve dei lokale kundane som vi alltid har gjort, samstundes som vi skal bli synlege også i en større marknad, seier Tore Sæthersmoen.

Eigar Tore Sæthersmoen, dagleg leiar Susann Endrestad og økonomisjef Øyvind Sæthersmoen blir toppleiinga i nye Minel Gudbrandsdal, når GEI og ELØK går saman. Foto: Guro Vollen
ELØK på Vinstra skal over til samlokalisering GEI frå hausten. Foto: Guro Vollen