Sidan nyttår har alle barnehagane jobba med dette prosjektet, og utstillinga syner barnehageunganes engasjement, undring og skaparevne omkring temaet «Sjølsagt ska ælle vera med». Utstillinga opna samstundes med resten av sommarutstillinga på Ringebu prestegard laurdag.

– Barnehagane i Ringebu er med i det nasjonale prosjektet inkluderande barnehage/skulemiljø, og vi tykte det var naturleg å ta tak i denne tematikken til utstillinga i år, seier Hilde Bakken, Ingvild Vestad og Marit Sletten Berget, som fredag gjorde siste finpuss på utstillinga.

Gode barnehagemiljø

Barnehagane i Ringebu har ein tilsett som koordinererprosjektet, og har ein prosjektperiode på to år.

– Inkludering er viktig for å utvikle og oppretthalde gode og trygge barnehagemiljø der alle trivs og opplever tilhøyrsle.

Og barnehagane har ikkje berre tenkt innanfor sine eigne veggar. Fellesmøte mellom barnehagen og eldre er den eine barnehagens innfallsvinkel til utstillinga, ein annan barnehage har brukt leiken og dokumentasjon av den. Å måle saman med både hender og føter er noko ein kan vera fleire om, og både kunstverka og måten dei er framstilt er utstilt i drengestua på prestegarden.

Finaste utstillingslokalet

Barnehagane er i fint selskap med dei profesjonelle kunstnarane i utstillinga, og omgjevnadene vil om ei tid bli ennå betre. Prosjektet med ombygging av silokummen på driftsbygninga til prestegarden er på planleggingsstadiet, og har fått økonomisk støtte frå fleire kantar.

– Kanskje får vi stille ut der til neste år, og i alle fall i 2020, seier Marit Sletten Berget.

– Det vil bli det finaste utstillingslokalet av alle her.

Dei har på det meste vore ti personar på arbeid med utstillinga, og monteringa har teke to dagar. Ennå står eitt av kunstverka frå i fjor att ute i svala. Da var tema for utstillinga hus - i år er handlar det om korleis vi er mot kvarandre.

Samarbeid om kunstverk, og både prosess og resultat er dokumentert i utstillinga. Foto: Guro Vollen