Oppunder 60 boder og utstillarar fylte gatene midt i sentrum, og folk strømde til ettersom sola skein varmare og varmare utover fjellbygda, til det som er den 12. Liv Laga i rekkja.

- Det har nok aldri før vore så mykje folk her, slår Tori Virik Nøvik fast. Ho er med i arrangørkomiteen, og saman med rundt 20 og 30 frivillige, har ho lagt ned mykje arbeid i forkant for å få arrangementet til å flyte. Men så mykje folk var det i Skåbu, at ein til tider hadde problem med å få kasapparatet ved serveringa til å halde følge.

- Det er mange som kjem att år etter år, og det trur eg dei gjer for at dei trivst. Så blir det litt kaotisk innimellom når det kjem så mykje folk, men det går seg til, smiler Nøvik.

Ny på marknaden

Og ute kosar store og små seg med mat og drikke, og med å kikke på alt det fine som er utstilt på marknaden.

Signe Marit Berg Skog var ein av dei som sto bak disken ute på marknadsplassen. Det er fyrste gongen ho er med på Liv Lågå.

- Eg driv gardsbutikk oppi Gausdal og synes det er triveleg å ta turen hit til Skåbu. Det er mykje folk og fint å vera her, seier Signe, som til dagleg slit med sjukdomen Parkinson.

- For meg er det medisin å kunne drive med denne gardsbutikken. Så er det artig å få kome på ein ny plass, seier ho.

Køyrde feil

Ute mellom bodene møter lokalavisa også på fleire turistar. To av dei er ekteparet Anne Grete og Peder Skou frå Danmark, som fortel at dei heilt tilfeldig hamna oppi Skåbu.

- Vi er ute på bobilferie og køyrer på GPS. Vi køyrde eigentleg feil, og hamna her i Skåbu. Så vart det eigentleg eit lykketreff, for vi er veldig glad i å vera på marknad. Dette var berre deilig, smiler dei.

Liv Lågå fortsett utover laurdagen, med fest i sentrum. Søndag skal det vere sommarkonsert i Bakkestugu.