Eg likar å ha noko å gjere, da, seier Sofie Solberg Killi, da vi møter ho i kafeen på Sinclair ein varm julidag. Denne dagen er ho på arbeid på sin fjerde lønna arbeidsplass.

For elles denne sommaren har ho arbeidd på Rondaståk, som budeie på setra til bestefar og som butikkhjelp på Kiwi i Kvam.

– Eg har jobba kvar dag sidan eg fekk sommarferie. Kvar einaste sommar har eg vore vant til at vi reiser på setra og er der gjennom heile ferien. Der hjelper eg bestefar i fjøset og tek stellet av 30 mjølkekyr både morgon og kveld. Så har eg også beisa litt innimellom. Det er godt, det, og reise til fjells, da får ein kobla heilt ut, smiler ho.

Sofie Killi er glad i å arbeide og brukar store delar av sommaren til å farte mellom dei ulike arbeidsplassane. – Eg tenkjer på kor godt det er å ha eigne lommepengar, seier 16-åringen frå Kvam. Foto: Tone Sidsel Sanden

Må vere litt frampå

Og på fjellet var ho også under festivalen Rondaståk i slutten av juni.

– Eg var fyrst med som frivillig, der eg hadde ansvaret for salet av effektar. Etter at festivalen var over, var eg med og rydda. Dette fekk eg betalt for, fortel ho. Og i tilleg da, så arbeider ho på Sinclair og på Kiwi.

– Men korleis har du fått så mange arbeidsoppdrag?

–Eg trur at mange får sommarjobb via bekjentskap. Pappa er butikksjef på Kiwi, så derfor arbeider eg der, men elles har ikkje eg fått jobb gjennom bekjente. Ein må vere litt frampå og spørje, meiner Sofie.

På setra innpå Sødorpfjellet har Sofie ansvaret for morgon- og kveldsstell av dyra. Heile sommaren bur ho på fjellet. Foto: Privat

Barnevakt også

Ein skulle tru at 16-åringen hadde nok med dette. Men i tillegg har ho stilt opp på andre frivillig-oppdrag også.

– Eg har vore med som frivillig på Furusjøen Rundt kvart einaste år. Da står vi oppå Krøkla på matstasjon. Elles var eg med som frivillig under Countryfestivalen også, da for rideklubben, fortel ho.

– Det er greit å lære seg til at ein ikkje kan få betalt for alt, og så er det fint å ha det på CVen sin at ein har vore frivillig, legg ho til.

Til hausten er planen hennar å starte på studespesialisering ved Vinstra vidaregåande skule.

– Men skal du ikkje ha noko fri i sommar, Sofie?

– Jo, da. Eg skal ha ferie dei tre siste vekene førskulestart. Eller, eg er jo likevel på setra, så eg blir sikkert med og hjelper til når det trengs, seier ho.

– Og så sit eg også litt barnevakt for den yngste søstra mi. Det gløymde eg nesten, smiler Sofie.