Det orienterte ordførar Rune Støstad kommunestyret om måndag kveld. Administrasjonen har fått i oppdrag å sjå på moglegheiter for ei etablering av brakkerigg på tomt kommunen tilbyr eigar av hotellet.

Ser på fleire tomter

Administrasjonssjefen har sett på mogleghetene sidan fredag, og kunne orientera kommunestyret om at ein må sjå litt på dei konkrete reglane knytt til anbodsrutiner, og at ein går i dialog med eigar av Rondablikk og andre for å få dette til best mogleg. Det er tenkt etablert omkring 200 akuttmottaksplassar, tilsvarande det ein i dag har på Rondablikk.

- Det er snakk om å inngå ein form for tomteleigeavtale med kommunen, seier Rune Støstad etter møtet. - Det er ikkje aktuelt for kommunen sjølv å etablere mottak på denne måten, og slik få inntekt til kommunen?

- Det må vi også tenkje igjennom, men førebels er det ikkje eit alternativ. Det kan bli meir aktuelt seinare, men per i dag vil det vera fare for at det kan belaste det ordinære velferdstilbodet, om kommunen sjølv skulle drive, seier Støstad.

Vinn-vinn

Ordføraren meiner det vil vera betre for flyktningane å koma nærare helsetenester og øvrige tenester, og samstundes som det vil gje betre moglegheiter for hotelleigarane til å setje i gang med arbeidet dei har planlagt på Rondablikk, slik at hotellet kan koma fortare i normalt gjenge som reiselivsbedrift.

Støstad understrekar også til Dølen at det er gjort eit veldig godt arbeid frå administrasjonens side for å handtera flyktningesituasjonen.

- Vi brukar mykje ressursar, det er krevjande både administrativt og politisk, men vi løyser det på ein god måte. Vi freistar å skåne det ordinære flyktningeapparatet, slik at arbeidet med integrering av dei busette flyktningane i Nord-Fron går sin gang, seier Støstad.

Akuttmottak over natta Rondablikk høyfjellshotell ble omgjort til akuttmottak for asylsøkere, da de nye eierne inngikk avtale med UDI. De ansatte visste ingen ting. Tredje mottaket?

Ting skjer såpass fort at administrasjonssjefen også kunne opplyse kommunestyret om ei opplysning han ikkje ein gong hadde vunnest å orientera ordføraren om:- Seinast i dag har det kome informasjon om eit mogleg tredje mottak i kommunen, med etablering frå nyttår. Vi veit ikkje kor mange plassar det eventuelt er snakk om, men det kan vera tale om omregulering, seier administrasjonssjef Arne Sandbu til kommunestyret måndag. Frå før er to akuttmottak etablert i kommunen, på Kirketeigen i Kvam med 30-40 plassar, og Rondablikk, med 200 plassar.