Ho tok til i jobben 1. juli. 14. august kom lærarkollegiet attende frå sommarferien, og måndag starta ungdomsskulelevane.

– Korleis er det å vera rektor, Tone Kristin?

– Eg syns det er heilt fantastisk å få lov til å vera med på å skape ei ramme som er så viktig som ein skule er. Det å få jobbe med unge folk, og vera med på å realisere draumar er heilt fantastisk.

Men så må eg au seie at det er utruleg mykje å setje seg inn i for meg. Det er ikkje slik som i gamle dagar da rektorane gjekk rundt i lagerfrakk og styrte. Heldigvis har eg utruleg mange gode lærarar rundt meg til å løse jobben i klasseromma. Så eg går eit steg om gongen.

– Men eg har skjønt at du har vondt for å sleppe nettopp klasserommet og ikkje kjem til å gøyme deg bort på rektorkontoret?

– Nei, ikkje på vilkår! Det å undervise er ei glede og vitaliserande i seg sjølv, så eg har mellom anna posisjonert meg inn mot eit valfag. Og eg tek på meg gulvesten og tek rundane mine på uteplassen. Eg trivst så godt saman med elevane, og sjølv om ein skal vera forsiktig med å ta munnen for full trur eg dei trivst bra saman med meg au.

– Du går frå å vera kollega til sjef. Korleis er det?

– Eg har hatt ei mellomfase som inspektør, og er forsåvidt den same som før, berre med ein ny tittel. Korleis det går må ein nesten spørje dei eg jobbar saman med! Det er ein utruleg stas gjeng å jobbe saman med – der er det mykje engasjement og djup interesse for elevane sine.

– Kva slags rektor blir du?

– Det blir kanskje litt floskelaktig, men for meg handlar det om at vi skal gjere folk rundt oss gode. Det gjeld både kolleger og elevar. Eg ønskjer at elevane skal vera trygge, og tørre å prøve, og få ut potensialet sitt. Og eit slikt miljø føler eg at vi har her. Og så trur eg på filosofien om at det du gjer er «godt nok». Det å gjere sitt beste. Vi har mange, både unge og vaksne, som alltid strevar etter «enda betre». Det er ikkje sunt, trur eg.

– Det gjeld karakterpress også?

– Ja, mange syns nok det er skummelt å byrje på ungdomsskulen, for da kjem karakterane au. Hadde det vore opp til meg, hadde vi nok hatt mindre karakterar, og meir fokus på gode attendemeldingar. Det er ikkje karakterarar eg er ute etter å sjå, men karaktertrekk hos elevane.

– Du tok lærarutdanning i vaksen alder. Kvifor valde du skulen?

– Fordi at det å vera lærar er den viktigaste jobben ein kan ha. Eg jobba i det private næringslivet tidlegare, gjekk ned ein god del i løn, og fekk plutseleg ein jobb alle hadde sterke meiningar om. Statusen dala, og eg har aldri fått så mykje ansvar – og kjeft – som etter at eg vart lærar. Men vi i skulen må stole på at det vi gjer er rett og viktig, sjølv om det er mange andre meiningar frå utanfrå. Og så er det utruleg viktig å få til samarbeidet mellom heim og skule.

Men likevel er ikkje skule «heile livet» for deg?

– Neida, eg syng også i to kor. Norsk Et LIte Kor her på Vinstra og regionkoret Ad Cantus. Eg blir litt religiøs når eg snakkar om kormusikken, for det å synge er ein utruleg personleg greie. Og det å lage musikk saman med andre gir ein ekstra dimensjon i livet. Songen er viktig, men og det tette forholdet du får til folka du lagar musikk saman med.