I helga vart sesongen for Norsk Motorklubb (NMK)NMK Midt-Gudbrandsdal avslutta. Gjennom sommarhalvåret har unge MX-køyrarar delteke på Østlandscupen.

Yngst i klassen

To av dei mest aktive og hardtsatsande er 14 år gamle Gustav T. Beitdokken-Tokvam og 17 år gamle Mikael Granslåen Rolstad. Dei har lagt bak seg sin fyrste konkurransesesong, ein sesong der dei har fått vist fram at all trening på den nye motorsportbanen på Pallane i Ruste, har gitt resultat.

I Østlandscupen har Gustav køyrd i juniorklassen frå 14-18 år, der han har vore den yngste som har konkurrert. Likevel enda Gustav opp med ein 3. plass i NMK-mesterskapet for 2017, medan Mikael fekk 2. plass.

Utfordrande forhold

Den 6. og siste runden vart køyrt på Lier i helga.

– Vær- og baneforhola her var veldig utfordrande. MX-kleda måtte spylast reine for gjørme, før dei kunne puttast i maskina, fortel mor Randi Sølvi Tokvam til Dølen.

Etter at siste målpassering var over, var det duka for galla og premieutdeling på Gardermoen, der Mikael og Gustav fekk utdelt medaljar.

– Det er cross generelt som er moro, fortel Gustav til lokalavisa.

– Det er ikkje først og fremst berre gode plasseringar som er moro, både treninger og løp er gøy. Da er gode plasseringar stor stas, og ein bonus oppi det heile, samla sett, seier 14-åringen.

Mykje eigentrening

Dei to aktive gutane kan sjå attende på ein travel sesong, med ein del reising på Austlandet. Dei har køyrt NM for lag og Gultvet Grand Prix, mellom anna.

– Og sjølvsagt blir det ein del eigentrening, seier gutane, som er er del av trenar Morten Bjerkeli sitt team, Mxracing motocrossteam.

Førnøgde: To fornøgde gutar, Gustav (t.v.) og Mikael etter ein god sesong. Foto: Privat
Mikael Granslåen Rolstad har hatt en sterk sesong på sykkelen. Foto: Anita Weng
Gutane fekk utfordrande forhold i siste konkurranse. Foto: Privat
Gustav og Mikael har mange timer bak seg på sykkelen denne sesongen. Foto: Privat