Det todelte hovudmålet med prosjektet er å auke tilflyttinga og redusere fråflyttinga av innbyggjarar til Ringebu kommune, og å auke besøksattraktiviteten til landsbyen Ringebu. Dei reine tala for fjoråret syner også netto tilflytting.

Tilrettelegginga for dei uformelle møteplassane, som Multi Kulti, torghandel eller berre dei gode uteromma, er noko av det viktigaste som skal til for at folk skal bu, leve og arbeide i Ringebu framfor andre stader.

Liv i uteromma

Det meiner i alle fall projektleiar Birgitte Bay, som legg fram halvvegsevaluering for prosjektet til formannskapet i Ringebu i dag.

– I løpet av prosektet har WiFi gjort uteromma ennå meir attraktive, det har kome til ei pump-trackbane for sykkel som altid er open, ein ny nisjebutikk har opna og har nå også eigen kaffebar – alt dette er med på å bidra til å skape dei gode møteplassane som skapar liv i sentrum, seier Bay.

Varierte bumoglegheiter, godt vertskap og formidling av dei gode historiene er delmål i prosjektet, og Bay understrekar kor viktig det er å auke tilgangen på sentrumsnære leilegheiter. – Butadsmassa er fordelt mest på einebustader i dag, medan ulike analyser syner at folk i større grad ønskjer å bu i gangavstand sentrumstilbod. Å fortette sentrum er derfor veldig viktig, og vi skal vera med på å legge til rette for dette, seier ho.

Tala frå Statistisk sentralbyrå syner at Ringebu i fjor hadde den største nettoinnflytting i Midtdalen, utan at det er ei enkeltstående forklaring på dette.

– Vi tek det med som ein positiv ting, men det er jo noko som gjeld for heile prosjektet, det er veldig vanskeleg å syne til direkte effektar av jobben som blir gjort, seier ho.

I evalueringa er det også trekt fram at det ser ut til å vera ei gjennomgåande haldning hjå folk om at «det skjer mykje positivt» i Ringebu. Og det har spredt seg – tysdag denne veka var Åmot kommune på besøk med ein delegasjon, for å sjå på Ringebu sine grep om tettstadsutvikling.

Ulike årsakar

– Årsakssamanhengen mellom prosjektet og resultata det er vist til i evalueringa er varierande. I enkelte høve har prosjektet vore direkte medverkande som initiativtakar eller pådrivar/tilretteleggjar, ved andre høve kan det synast som at «ting skjer» i kjølvatnet av anna aktivitet. Uansett årsak – aktivitet skapar meir aktivitet, og det er ønskjeleg og naudsynt for å stadfeste posisjonen kommunen har som ein attraktiv stad å bu, leva og arbeide også i framtida, heiter det i saksframlegget for halvvegsevalueringa.

Attraktivitetspyramiden til Telemarkforskning er sentral i prosjektet. Busetting, bedrift og besøk er dei viktigaste parametra for utvikling i landsbyen Ringebu, og det er viktig å utvikle det svakaste leddet.

– Mykje er på plass, men ein av faktorane som manglar er sentrumsnære overnattingsmoglegheiter. Derfor jobbar vi med nettverket for Bed & Breakfast i sentrum, seier Bay. Tilskotsordninga for utvikling av eit slik nettverk vart samrøystes vedteke i formannskapet torsdag.