TV-aksjonen 2022 går til Leger Uten Grenser og DNDis arbeid for å gi livreddende helsehjelp og medisiner til menneske som treng det mest.

Ein kan bidra på www.blimed.no ved å gje pengar, opprette ein eigen digital bøsse for innsamling, eller bli bøssebærar i sitt eige nærmiljø.

Det er enda behov for fleire bøssebærarar, opplyser Nord-Fron kommune.

– Det er mange som skal gå med bøsse i Nord-Fron på søndag, og enda trengs det fleire, opplyser koordinator for Nord-Fron Frivilligsentral, Laila Fjellseth. Dersom nokon har lyst til å bruke ein time på årets mest meiningsfulle gåtur, ber ho om at dei tek kontakt med henne på telefon, 911 37 625.