Landbruks- og matminister Jon Georg Dale besøkte Vinstra, og statsråden møtte Løvig  etter å ha lese saken. I etterkant ba Dale Landbruksdirektoratet om å handsama saka.

Regelendring

Departementet har nå endra den relevante føresegna i kvoteforskriften, slik at det er mogleg å overdra kvota til den utskilte forpaktningseigedomen og slik at kjøparen kan fortsette drifta slik det var tenkt.

Borgen og Løvig kjøpte ein frådelt eigedom med mjølkekvote. I ettertid kom det fram at mjølkekvota vart liggjande att på det opphavelege gards- og bruksnummeret, og ikkje i sin heilskap kunne overdras til kjøper.

– Landbruksdirektoratet har nå handsama saken på nytt og eg er glad for at det no har blitt ei god løysing for bonden på Sør-Fron, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale fredag.

– Godt å få det i boks, og hyggeleg å få den beskjeden, seier Stian Løvig.

Han fekk epost med kvotebrev i dag, med dagens dato på kvotebrevet.

Dermed kan dei seie opp leigeavtala dei har harr med Opplysningsvesenets fond (OVF)i mellomtida.

Kort veg til toppen

Høyringsfristen på regelendringa var 15. august, så Løvig tykkjer det har gått fort, trass alt.

– Det er flott at ein minister er å få tak i, og tek seg tid til å høyre om eit problem vi har, og at han greier å få ei god og fornuftig løysing, seier Løvig.

Han sender også skryt til OVF, som har vore klare på at dei skulle ordne opp heile vegen.

– Det har vore ei god støtte for oss, at dei heile tida har vore på tilbodssida og ville rydde opp, seier Løvig.

Nå står kalvinga for tur på den gamle prestegarden i Sør-Fron. Det er ekstra motiverande å få kvota før nye kukalvar kjem til verda.

– Vi har all kalvinga nå på hausten, og frå 28. august og fram til slutten av september skal eg vera jordmor. Ekstra motiverande at vi får dette nå, så alle kukalvar som kjem framover vil kunne mjølkast på vår eigen kvote, seier han.

Statsråden tok seg tid til å høyre på Stian Løvig da han besøkte Vinstra i februar. Foto: Tor Larsen