I over to år har dei jobba med den nye Baksia-plata. Nå er Trond Halle og resten av bandet endeleg klare for plateslepp.
Journalisten hadde tenkt å spørje Trond Halle (t.v.) og Bent Bredeveien kva dei likar best å spele, nye eller gamle låtar. Svaret kjem før journalisten har vunnest stille heile spørsmålet, og blir at dei likar best å fiske ... Dermed var vegen stutt frå ord til handling, og på brygga nedafor heimen til Trond Halle svingar dei to Baksia-karane fisketonga for fotografen.
Foto: Bjørn Sletten