– Eg har helde på lenge med denne forteljinga. På sett og vis er dette den fyrste historia eg har hatt lyst til å fortelje.

Skuddermudder

Lars Mytting debuterte  med romanen ”Hestekrefter” i 2006. Sidan den gongen har forfattaren frå Fåvang og Ringebu selt godt over 200 000 bøker, fått litt meir grått islett i håret, og eit litt tryggare tilvære som forfattar. Men framleis er Mytting like beint fram og jordnær, og iført vernesko med avsliti tupp møter han – etter eige forslag – på ”Rangen” eller jernbanerestauranten i Vålebrua. Ikkje akkurat Bagatelle. I valet mellom svart kaffi i kvitt krus, og fancy kaffi i svart krus vel han det fyrste.

– Med sukkerbeta, sjølvsagt.

”Svøm med dem som drukner” blir hovudbok i Bokklubben i haust. Og verdslanseringa (!) skjer – som seg hør og bør – i Ringebu, der det heile starta.

– Heilt sidan eg var 14-15 år har eg fantasert om eit fordufta familiemedlem som det var noko ”skuddermudder” omkring. At det fanst noko der som ikkje skulle snakkast høgt om. Romanene mine spinn alltid ut frå ein slik liten idé. Hestekrefter hadde sin vesle idé, Vårofferet det same. Det er ein gnist som ligg der og som tenner lysten til å fortelja desse historiene, seier Lars Mytting og tek ein sukkerbeta til.

Bilsjuke midtdøler

Alle som har lest romanane til Lars Mytting veit at det stort sett går føre seg i Gudbrandsdalen, Midtdalen og aller helst i Ringebu. Eller? For sjølv om mykje liknar, er det alltid eitt eller anna som skurrar. Ein veg som har aldri har gått der. Eit hus som står der det ikkje bur folk, ei elv som har tatt nytt far.

– Alle frå Midtdalen blir ”bilsjuke” når dei les bøkene mine, ler Mytting om det han sjølv kallar eit fiktivt parallellunivers til Midtdalen.

Her startar også handlinga i årets roman. Bygda det heile startar i, har fått namnet Saksum. Her er Norol og Innkjøpslaget. Her finn ein idrettslagstavla og bedrøva unggutar som kjører ned åt Laugen for å tenkje på kvinnfolk. I utkanten av Saksum bur gardbrukaren Edvard Hirifjell – på eit bruk på baksida av dalføret, men som likevel ligg slik til at ein har sola (!). Hirifjell er ein mistruisk einstøing, på kant med resten av bygda.

– Men valdsamt intelligent, skyt Mytting inn.

Han snakkar om karakterane sine som om dei er gamle kjenningar.

– Eg har skrive på denne boka i nesten fire år nå. Det er eigentleg ganske leitt å ikkje vera saman med dei lenger.

Krigen med stor k

Heldigvis finn han att romankarakterane mellom permane på nyboka. Han tek opp eit rykande ferskt leseeksemplar av romanen frå ein skrukkete plastikkpose med Gyldendal-logoen i svart og raudt på sida, blar seg fram til ein passasje som skildrar Hirifjell inngåande. Mytting er – i motsetnad til mange forfattarar – svært god til å fortelje frå eigne bøker. Og det er fortelje han gjer. Bokmålet han kler romanane i byter han ut med klingande ringbygging. Karakterane kjem til liv. Krigen – og da snakkar vi sjølvsagt om krigen med stor K, den andre verdskrigen – er den store kulissa.

– Krigen er verdas største forteljing. Eit utruleg utgangspunkt for ein roman. Eg skriv ikkje om noko militært i romanen – berre sivilt, men i krig er det nattsida av alt som gjeld. Folk gjer ting som dei aldri ville kunne gjort i fredstid. Når menneske går gjennom det maskenettet får det fram heilt andre sider ved oss.

Og med krigen som bakteppe veks Edvard Hirifjell opp – oppfostra av bestefaren på fjellgarden i Gudbrandsdalen. Historia spinn vidare ut frå mysteriet om kva som eigentleg skjedde med Edvard den gongen – i 1971 – da foreldra hans trakkar på ein blindgjengar frå fyrste verdskrigen under ein tur til ein av slagmarkane i Frankrike. Foreldra døyr, og tre og eit halvt år gamle Edvard blir sporlaust borte heilt til han dukkar opp att – ein heilt annan stad i Frankrike.

– Det kjem opp nye mysterium heile vegen. Det blir ein diger vev. Og det er her den fordufta familiemedlemen kjem inn i biletet, forklarar Mytting engasjert.

Eit alvorleg handverkarartalent

Den fordufta familiemedlemen er Einar Hirifjell. Bror til bestefar.

– Einar var eit alvorleg snikkartalent, fortel Mytting.

Igjen er det som om Einar har vore ein ljos levande person.

– Han var den beste møbelsnikkaren Hjerleid har fostra, og eit av dei største snikkertalenta Gudbrandsdalen nokon gong har hatt. Medrekna Skjåk. (Skjåk-Ola, namngjeten snikkar og treskjerar frå Skjåk. Red.anm.). Han hamnar i Paris og blir på sett og vis berømt.

Mytting tek ein ny kaffislurk. Treskurden – handverket – blir ein av dei viktigaste metaforane i romanen ”Svøm med dem som drukner”, forklarar han.

– Boka handlar om det som står att etter folk. Kva som er varig. Det blir ein måte å gå i spora til folk som er borte på.

Sjølv om vi hadde bestemt oss for at ”Hel ved” ikkje skulle vera tema er det nesten umogleg å ikkje sjå parallellen. Kva er det med Mytting og tre?

– Eg ser den. Men samtidig er det denne gongen tre på eit heilt anna plan. Her er det levande materie, og alle tre har sin eigen historie.

Møbelsnikkaren er det einaste sjølvbiografiske elementet i Myttings nye roman. Inspirasjonen fann han i Anton Myttings trevareverksted.

– Min eigen bestefar var møbelsnikkar og dreiv verkstad på Fåvang. Så minnet om verkstaden og møblene er det einaste sjølvbiografiske eg har brukt i denne romanen, seier Mytting.

– Men tenkjer du også på parallellen med handverket du skildrar og det handverket du sjølv utfører når du skriv bøker?

– Eg tenkjer jo på det. Når vi blir borte er det bileta av oss og tinga våre som står att. Minnet om oss bleiknar fort. Eg er privilegert som kan gi ut bøker som blir ståande att etter meg. Så ja, den tanken har slått meg. Det er ikkje det som driv meg som forfattar, men historiene vil faktisk stå att til den eller dei som er interesserte.

Sjølve urforteljinga

Godt da, at Mytting ikkje er nemneverdig plaga med skrivesperre.

– Eg kan drive å rafse og skrive enormt mykje.

– Så det er ikkje slik at du må tvinge fram orda?

– Nei, heller omvendt. Eg skriv mykje ræl. Så må eg stramme til att. Sitte og koke teksten ned. Boka enda opp på nesten 500 sider, men den kunne lett kome opp i 800. Eg har skore inn til beinet. På eit tidspunkt i prosessen blir det ganske slitsamt – fordi ein kan miste heilskapen litt av syne. Og så er det ikkje alltid enkelt å kvitte seg med delar av teksten heller – deler du kanskje er godt nøgd med, men som i det store biletet er overflødig eller unødvendig.

Samtidig er ”Svøm med dem som drukner” den klart mest omfangsrike boka frå Myttings hand og penn til nå.

– Den er jo mykje meir vidløftig anlagt. Vi er innom to-tre slekter to-tre generasjonar attover.

– Boka er i fem delar. Ein odyssé, seier Mytting.

– Den er bygd opp etter same mønster som gamle mytologiske forteljingar. Hovudpersonen reiser ut for å finne svar på kva som eigentleg skjedde, for til slutt å vende heim att til utgangspunktet. Det er artig å skrive i det formatet. Eg tenkjer at det er sjølve urforteljinga.

Farleg historie

Reisa Edvard Hirifjell legg ut på startar i Ringebu, eller Saksum om du vil. Men ho går til Shetland, og Frankrike. Og undervegs kjem han borti svært forskjellige miljø. Frå britisk overklasse til bohemar i Paris. Det er denne historia Edvard Hirifjell byrjar rote i.

– Han er att mon aleine i verda, og han veit vel at det han gjer ikkje er heilt ufarleg, at ein ikkje utan vidare bør grave så djupt i eigen historie. Det kan vera gode grunnar til at det har vore teia om, forklarar forfattaren.

Og her er nærmar vi oss bakgrunnen for den finurlege romantittelen: ”Svøm med dem som drukner”.

– Det er i alle fall tre, fire forskjellige måtar å tolke den på. Den mest opplagte er kanskje det å våge å halde seg nær ei farleg historie. Ei historie som kanskje er så farleg at du risikerer at du sjølv går under.

Kvinnene speler sjølvsagt også ei sentral rolle.

– Daman, ja! Døm fe kjørd se’ någgå fryktele! seier Mytting. – Men dei er standhaftige og sterke. Særleg ei.

På trygg grunn

Lars Mytting innrømmer gjerne at han er godt nøgd med resultatet. Eit høgdepunkt i forfattarskapen – så langt.

– Når eg gav ut ”Hestekrefter” i 2006 sa eg at det var ein av dei beste romanane skrivi av ein i frå Gunstadskogen. Nå dristar eg meg til å strekke det til ein av dei beste romanane skrivi av ein frå Ringebu, ler Mytting, sørgjeleg klar over at forfattarar ikkje veks på tre i Midtdalen.

– Ein skulle kanskje trudd at tradisjonane vi har med historieforteljing hadde gjort at vi hadde fostra fleire forfattarar. Uansett: Eg syns det er utruleg artig å forsyne seg frå og lene seg på den tradisjonen, seier han.

– Eg kunne ikkje skrivi frå nokon annan stad. For sjølv om eg denne gongen reiser både til Shetland og Frankrike, byrjar eg på trygg grunn. Heime.