Fjerdedivisjonslaget til Fron gjekk på sesongens fjerde tap laurdag, da dei tok imot Toten i Kåja.

Etter ein svak fyrsteomgang av heimelaget stod det 0-3 på tavla.

- Det var ein dårleg fyrsteomgang av oss. Vi er lite besluttsomme, særleg bakover på banen, slår trenar Ola Åsmundstad fast.

Etter ein bra kamp mot Faaberg sist runde (kampen ente med 3-2-seier til Faaberg), hadde Åsmundstad håp om at laget hans skulle ta skalpen til totningane på heimebane.

Eit heilt anna lag etter pause

Og etter ein "opprensk" i garderoben i pausa, var det eit heilt anna Fron som kom på banen i andre omgang.

Borte var ubesluttsomheit, innsatsen var ein heilt anna og presisjonen framover i banen noko betre. Dessverre vart det berre nesten for Fron, og da gjestane - litt mot spelets gang - sette inn 0-4, var det den berømte spikaren i kista.

Les meir i papirutgåva av Dølen fredag 26. mai.