Kjønås vatningslag har derfor søkt fylkesmannen, og fått løyve, til å senke sjøen med ytterlegare 40 centimeter, under føresetnader at vatninga skjer mellom klokka 21 og 09, og at ein sørger for vatn til dyr på beite, skriv fylkesmannen i svarbrevet frå 13. juli.

Ikkje utsikter til betring

Vatningslaget opplyser i søknaden at dei etter den langvarige turka i sommar, nærmar seg nedre grense for reguleringa dei har ekspropriasjonsløyve til, som er 70 centimeter.

Søkjar opplyser at dei framleis har eit stort behov for vatning framover, dersom det turre været held fram. Dei ber derfor om mellombels løyve til å senke Søre Åbborsjøen ytterlegare 40 cm. Det vil ifølge søkjar gje vatn til 20 – 25 dagers vatning.

- Vatningslaget brukar vatnet til vatning av 2 500 da, der 2 300 er grasproduksjon, 100 da er kornproduksjon og 100 da er jordbærproduksjon. I tillegg blir noko av vatnet brukt til vassforsyning til beitedyr, heiter det.

Vil likevel kunne vera reserve

Søre Åbborsjøen er reservevasskjelde for Ringebu, og er i tillegg beredskapsvasskjelde for brannvesenet.

- I ein eventuell naudsituasjon med brann eller ved problem med drikkevasssforsyninga i kommunen vil det framleis vera mogleg å få tak i tilstrekkeleg vatn sjøl om sjøen er senka ned til det som blir tillete her, heiter det.

Fylkesmannen legg til grunn landbruksfagleg vurdering og utsiktene til at grovforproduksjonen i landbruket er kritisk råka allereie, og tillet ytterlegare senking av vasstanden til vatning. Dei miljøfaglege vurderingane tilseier at raudlisteartar i bekkekløfta nedunder vatnet allereie er sterkt råka av turka, men at dei ikkje vil bli meir råka vidare, enn at vatningsbehovet i landbruket veg tyngre.