Etter vel ein månads drift i nye lokaler, leverer systrene Kari og Elisabeth Øyen lefser til stadig fleire butikkar. Om etterspurnaden held fram å auke, utvidar dei til ennå fleire butikkar.

To år i mars

Dei to systrene har akkurat runda to år med eigen bedrift, og er glad for erfaringane dei bygde opp i mindre skala, før dei fløtte over i større lokale fyrst i februar. - Vi kunne ikkje ha vore her utan den erfaringa, seier dei.

Den nye store leveranseavtala som starta denne veka, til butikkar i Coop Mega-kjeda, kjem gjennom Spesialgrossisten. Dette er ein aktør i matmarknaden som leverer kortreist mat til kjedebutikkar over store delar av landet, og som lokalt er representert gjennom Rolstad AS på Harpefoss.

- Det er veldig greit å levere med dei, for dei kjem også inn i butikkane og får plassere vara sjølv, seier Elisabeth Øyen.

Hundre lefser før lunsj

At det er butikkar med fersvaredisk er eitt av kriteria for at systrene leverer. Unnataket er Coop Extra som tok over for Mega på Otta nyeg. Dei har hatt varene til heimebakeriet sidan starten.

Elisabeth seier det går greit for familiebedrifta å levere såpass mykje som tre hundre på ein gong.

- Vi produserer greitt hundre lefser kvar før tolv kvar dag, seier ho.

Og lefsene går over disk direkte frå bakeriet også. Det har vore over all forventning, og førti lefser over disk til kvamverar med sans for fersk lefse til frukost er ikkje uvanleg.

Dei to systrene har med bestemor og mor sine oppskrifter bokstaveleg laga sitt eiget levebrød. Fyrst sa dei opp jobbane sine sjølve, og seinare har karane deira også har sagt opp trygge, faste jobbar for å gå inn i produksjonen full tid. Likeeins er dotter til Elisabeth for fullt med i produksjonen.