Måndag kveld lanserer diktaren Anna Kleiva frå Vinstra i nye diktsamling, "Drikkeviser frå Paris" på Last Train i Oslo.

Hip-hop og folkemusikk

I ein rus av fransk hip-hop og norsk folkemusikk har «Drikkeviser frå Paris» vorte til.

– I hip-hop finn eg ein «attittude» som appellerer til meg. Der er ein ikkje redd for å vera stormannsgal. Mens folkemusikken er noko ur-aktig, noko gamalt som går rett på kropp og kjensler. Båe desse genrane har inspirert meg i arbeidet med denne boka, seier Anna Kleiva til Dølen.

Den nye boka til Anna Kleiva er prega av humor og frodige skildringar. Men lyrikken er ein alvorleg genre, meiner Kleiva.

– Men må ein alltid føle så mykje? Eg vil skrive noko som er bra, men som samtidig kan more lesaren. Det er kanskje noko opprørsaktig i det, men det handlar mest om at eg vil ha armslag der eg driv på.

Møtet mellom bygd og by

I samlinga møtast moderne og gamle mytar frå det urbane Paris og det rurale Norge.

– Denne dualiteten, møtet mellom bygd og by, gjeld nok for meg også. Eg kjenner meg heime båe stader, og eg hatar når folk prøver å definere meg inn i ein bås, seier Kleiva.

Frodige karakterar

«Drikkeviser frå Paris» følgjer nokre frodige karakterar: Ein felespelar og skrønemakar frå Noreg, på rømmen frå heimlandet. Ein gris, ei bestemor som byr på opiumsmakronar, gangsteren Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.

– Det er den mest oppdikta boka mi til nå. Den er overlessa, vill og rølpete og dreg av garde i nokså overraskande retningar.

– Ganske langt frå den førre diktsamlinga di, «Vårar seinare»?

– Ja, men eg trur eg er slik. Eg kjem ikkje til å ville gjere det same frå gong til gong. Og så vil eg ikkje bli komfortabel i ein form, eller i språket. Eg vil vidare. Ein må heile tida prøve nye vegar, seier Kleiva.

Bygdafest i forstaden

Og denne gongen fører altså vegen til Paris. Under arbeidet med boka budde Kleiva i Paris i til saman nesten eitt år.

– Kvifor Paris?

– Paris var meir eller mindre tilfeldig, og i starten treivst eg ikkje der. Paris er ein utruleg hard, bråkete og skitten by, og folk er frekke – det er ikkje ei myte. Det stemmer dårleg med biletet av byen som motehovudstad og med elegante damer i høge hælar, seier Kleiva.

«Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst», skriv forlaget om boka.

– Dersom ein ser den skitne byen, det folkelege og mangfaldet, blir Paris mykje artigare enn om ein berre ser parfymeri og trutmunnar, avsluttar Kleiva.

"Drikkeviser frå Paris" er gitt ut på forlaget Oktober. Foto: Oktober forlag