Det melder Meteorologisk institutt.

I helga kjem sommarvarmen altså for fullt til Austlandet og til Gudbrandsdalen. Vi kan vente oss opp mot 25 grader, og knoppar som har stått på vent i det kjølege maivêret, kjem for fullt desse dagane.

– Det kan nok kome godt over 25 grader dei fleste plassande. Det ser ut som om sommaren kjem nå i helga, seier statsmeteorolog Ingvild Villa hos Meteorologisk institutt.

Men tørt vêr og varme gir også fare for gras- og lyngbrann. Eit oppdatert varsel går foreløpig så langt nord som til Lillehammer.

– Det er lokalt stror gras- og lyngbrannfare i snæfrie område, inntil det kjem nedbr av betydning, heiter det i varselet.

I nord startar helga ganske våt, og det ligg an til sterk vind laurdag, men søndag kjem også sola og meir varme i dei nordlegaste områda av landet.

Både Vestlandet og Trøndelag får og mykje fint vêr, men langs kysten kan det bli lokal tåke, melder meteorologisk institutt.

– Det blir fleiere vêrvinnere, men viss du ser på høgaste temperatur og flest soltimar, altså det dei fleste forbitt med det beste veret, blir det austafjells, seier Villa.