Kulturprogrammet til Lillehammer 2016 har fått navnet Sjoggfest. Med over 150 arrangement blir Sjoggfest ein av dei største gratisfestivalene for ungdom i Norge nokon gong.

Ungdoms-OL mellom 12. - 21. februar, har eit omfattande kulturprogram med konsertar, foredrag, aktivitetar og filmfestival.

Folkrock

– Ungdoms-OL handler om mer enn idrett. Difor er vi svært stolte av å lansere dette omfattande kulturprogrammet, med internasjonale og superlokale aktørar, som møter publikum frå heile verda, seier Tomas Holmestad, administrerande direktør i Lillehammer 2016.

Eit lokalt innslag blant desse er Muffins. Dei er ei folkrockgruppe med folk frå Dovre, Vinstra, Lom og Verdal. Dei tok til å spele saman våren 2014, med tradisjonsmusikk frå blant anna Norge, Danmark, Irland, Skottland og Shetland i eige arrangement på repertoaret. I 2015 kom dei vidare til både fylkesmønstringa og UKM festivalen, og var seinast å lesa om for Dølen sine lesarar etter musikklina sin julekonsert 4. desember i fjor.

Musikkdelen av Sjoggfest byr på internasjonale navn som AURORA, Nico & Vinz og Madcon i tillegg til dei unge UKM-deltakarane.