Erik Haave har takka ja til prosjektstilling i Dølen. Han tek til i stillinga i midten av august.

Det vart kjent i slutten av mai at Dølen fekk heile 850 000 kroner i støtte frå Medietilsynet, til nysatsing på levande bilete.

– Vi er svært takknemlege for den støtta vi får frå Medietilsynet til innovasjon og utvikling, seier redaktør og dagleg leiar i Dølen, Tone Sidsel Sanden,

– Akkurat kva dette prosjektet går ut på, er det for tidleg for oss å seie for mykje konkret om, men at dette både er spennande og noko som vil glede alle abonnentane våre, det er eg sikker på, seier Sanden entusiastisk.

– Det å stadig vere i utvikling og arbeide for å bli enda betre, er viktig for oss. Så har vi eit brennande ønskje om å vere lokalavisa for alle. Det skal kome enda tydlegare fram, legg ho til.

I august blir Erik Haave (nr. to frå venstre) ein del av denne gjengen. Her er han omkransa av, f.v.: Redaktør og dagleg leiar Tone Sidsel Sanden, journalist Beate Hovde, video- og streamingansvarleg Emil Sjåstad Nyeng og journalist Christian Aali. Journalist Wenche Margrethe Kulmo var ikkje tilstades da bildet vart tatt. Foto: Tormod Myrvang

Glødande engasjement

Haave, som er vakse opp og bur på Sør-Fron, kjem i frå stilling som landbrukskonsulent i EA Smith. Han har jobba med sal for landbruket gjennom fleire år, også hos Felleskjøpet.

Likevel er Erik også godt kjent for alle i Midtdalen som ein som engasjerer seg for barn og unge, og likar å vere med der det skjer.

– Eg er aktivt med under Rondaståk, og vore med i bygdeungdomslaget og andre organisasjonar. Fellesnemnaren for alt er at eg likar å jobbe med og for menneska, og alle slags type menneske, seier han.

32-åringen ser fram til å ta til i jobben i Dølen, og til å arbeide med prosjektet, som lokalavisa er heilt i startgropa med.

– Eg gler meg til å arbeide med det mangfaldet og den breidda vi har i Midtdalen. Menneska, historiene og det å bidra til at alle har ein plass i samfunnet og at dei får ta del i det, er viktig for meg, seier Haave.

Sanden er svært fornøgd med å få Haave inn som prosjektleiar.

– Erik har eit breitt kontaktnett, og er i tillegg ein sosial og omgjengeleg person, som går overeins med alle. Han er glødande oppteke av lokalsamfunnet, og det engasjementet passar perfekt inn i denne jobben, seier Sanden.

– Vi gler oss til dette, avsluttar ho.