Harpefoss IL sendte ut melding til 279 av medlemmane, for å spørje kva dei meinte om å fortsette samtalene, med mål om å få til ein samarbeidsklubb. Bagrunnen er at idrettsrådet i Sør-Fron kommune kom med innspill om ei muleg sammenslåing av klubbane, noko årsmøtene i utgangspunktet støtta.

34 porsent av dei spurte valde å gje råd. 65 meinte Harpefoss IL burde gå vidare med samtaler, medan 30 personar var i mot.

Harpefoss IL meiner dette er eit representativt utval, og fortsett nå arbeidet mot samanslåing med naboen.

- Gruppa vil arbeide for å få gode løysingar for Harpefoss. Ei samanslutningsavtale vil bli stemt over i neste årsmøte, skriv styret i Harpefoss Idrettslag på heimesidene.

Bruke den neste året

Lars Nyhus vart vald til ny leiar i idrettslaget på sist årsmøte, 22. mars. Han fortel til Dølen at styret nå skal gjere ein grundig jobb det neste året.

- På årsmøtet sa 12 at de ville arbeide vidare for samanslåing, medan 11 sa dei var skeptiske. Vi følte det ikkje var representativt med 23 på årsmøte heller. Vi måtte sjekke litt meir, fann vi ut. Med sms-tilbakemeldingane fekk vi eit heilt anna grunnlag, seier Nyhus.

Han fortel at følelsen i klubben har vore at det er mange foreldre og tillitsvalde som ser at det kan vere riktig å samarbeide med naboklubben.

- Vi blir færre ungar, og ungane er med på fleire ting, seier Nyhus.

- Kva skjer vidare nå?

- Nå set vi oss ned, saman med Sør-Fron IL, for å utarbeide ei samarbeidsavtale, Vi er fire frå kvar sin klubb. Så skal vi bruke det neste året til å utarbeide avtala, for så å legge den fram for årsmøtet neste år. Det finst gode argument for å fortsette åleine også. Alle skal bli hørt. Nå blir det gjort eit grundig arbeid, seier den nyvalde leiaren.