Kunstneren Rune Amrud (1952-83) frå Fåvang var ein allsidig kunstnar. Delar av produksjonen hans er utstilt i eit hus i nærleiken av garden til foreldra, og er lite tilgjengeleg for publikum.

Meir tilgjengeleg

Stiftinga Ringebu Prestegard ønskjer i samarbeid med Amrud sin familie å flytte utstillinga permanent til det Store Stabburet på prestegarden.

I innstillinga til regionrådet er det sett på som positivt for regionen at det blir auka satsing og fleire aktiviteter omkring prestegarden i Ringebu, ikkje minst med tanke på å skaffe fleire attraksjonar og aktiviteter etter Gudbrandsdalsvegen, heiter det i innstillinga til Regionrådet, som innstiller om ein stønad på 45 000 kroner. Kostnadsramma for prosjektet er på 135.000 kroner.Det er presentert utan å synleggjera finansiering frå andre stader eller eigeninnsats, heiter det i saksdokumenta til Regionrådet.

Søknaden blir behandla neste tysdag.