Styret i Vigga AS informere om at dei har tilsett 27-åringen i leiarjobben. Rudiløkken er doring, og han har arbeidd i lokalavisa sidan han starta der som filansar i 2017. Det siste halvåret har han vore tilsett som redaksjonssjef.

Dovringen har ein bachelorgrad i medievitenskap frå NTNU i Trondheim.

God aktør i lokalsamfunna

– Sidan eg byrja i Vigga har avisa hatt god framgang, både på papir og digitalt. Slik skal vi halde fram, seier Simen, som ynskjer at Vigga skal bli ein synleg, god aktør i lokalsamfunna i Dovre og Lesja, og at lesarane skal finne Vigga som sitt fyrsteval når det gjeld å fortelje historiene sine.

Styreleiar i Vigga AS, Asta Brimi, er glad for at Simen takka ja til stillinga som redaktør og dagleg leiar.

- Simen er arbeidssam, dyktig og ein god representant for Vigga i lokalsamfunnet. Eg er viss på at han vil ta avisa vidare i den digitale utviklinga, og samstundes gje ut ei god og innhaldsrik papiravis, seier Asta Brimi.