Veidekke Entreprenør AS og Statens vegvesen har signert avtale om bygging av tunnel og utbetring av fylkesveg 255, også kjent som Skåbuvegen.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding torsdag.

– 1. oktober vart avtala signert, og arbeida på fv. 255 mellom Graupe og Massing i Nord-Fron kommune startar etter planen opp i månadsskiftet oktober/november 2015, opplyser vegvesenet.

Eitt års planlegging

Rassikringsprosjektet er den største kontrakten Vegavdeling Oppland har hatt.

– Planlegging av ny veg og tunnel starta for under eitt år sidan og nå er planane klare. Statens vegvesen innstilte Veidekke Entreprenør AS til oppdraget, heiter det vidare i pressemeldinga.

Nesten 70 millionar kroner

Kontraktssummen er på kr 68 634 326,50 eksklusiv moms, og arbeidet omfattar utbedring av fv. 255 mellom Graupe og Massingdalen, samt bygging av en om lag 250 meter lang tunnel.

Byggeleiar Rune Dahl i SVV uttalte til Dølen tidlegare i haust, at Veidekke låg godt an til å få utbygginga ut frå sitt anbod.

– Det er ein god pris for oss, seier Dahl.

Skal flytte fjell

Utfordringane med prosjektet er fleire.

– Det er sidebratt, og det er høge vegskjæringar. Logistikkmessig er det også utfordrande, for massa frå Vinstrasida må til Vinstra, vi kan ikkje frakte det på den eksisterande vegen medan tunnelen blir drivi. Massa frå Skåbusida blir lagt i massedeponi i Ekreteigen, fortel Dahl.

Entreprisen omfattar 48 000 kubikkmeterfjell, som tilsvarar 4800 lastebillass, 20 000 kubikkmeter tunellmasse, som tilsvarar 2000 lstebillass, og flytting av 51 000 kubikkmeter jordmasse, som tilsvarar 5100 lastebillass.

Han seier det lettar arbeidet at den kommunale  Åsvegen kan brukast til omkøyringsveg medan arbeidet pågår, og legg til at driftsentreprenøren deira skal halde den i bra stand undervegs.