Emil Nyeng såg stekr ut både i prologen, der han vart nummer tre, og i kvartfinaleheaten, som han vann kontrollert. Dermed var Nyeng klar for semifinale i sprinten på Gålå. Men her vart det bråstopp.

- Det er surt. Eg hadde håpa på pallen i dag, og eg følte eg hadde bra kontroll, også i semifinalen. Det er taktiske vurderingar som avgjer. Litt tøft inn i siste sving, og eg er nede på knea, og tapar to posisjonar på det, seier ein litt skuffa Emil Nyeng til Dølen rett etter målgang.

- Sterk nok til pallen

Ringbyggingen hadde håpa at pallplass på Gålå kunne sikre billett til Davos neste helg. Nå set han alt inn på å gjere ein god figur i søndagens løp på Gålå.

- Det er ein del plassar på World Cup-rennet på Lillehammer, og eg håper å kunne kjempe om ein av dei plassane, seier Nyeng.

Nummer tre i prologen

Emil Nyeng starta laurdagen med tredjeplass i prologen. Nyeng var 1,95 sekund bak prologvinnaren Andreas Myran Steen frå Leksvik IL, og vel sekundet bak andremann Emil Iversen frå IL Varden Meråker. Nyeng slo dermed blant andre både to blad Northug (Even og Tomas), Sindre Odberg Palm og Lillehammers Martin Nyenget i prologen.

Tidlegare laurdag gjekk junior Mari Virik Nøvik frå Skåbu Tverrbygda Espedalen IL prolog, men klarte ikkje å ta seg vidare.